Mykje arbeid og planlegging ligg bak tiårsjubileet til gudbrandsdalskoret Ad Cantus. Draumen om nyskrive musikk til jubileet skal snart sleppast ut til eit publikum.

Prosjekt jubileum

Perioda fram til jubileet i år, har sidan 2016 vore definert som eit utviklingsprosjekt for regionkoret. I jubileumskomiteen vart det tidleg kasta fram ein ide om nyskrive musikk til tiårsmarkeringa.

– Diktet kom fort i tankane mine, og komiteen var med på det. Det har mange botnar og lag, og rører slik ved oss, seier ho.

At diktet til Hauge vart kåra til det beste norske diktet gjennom tidene av Nitimen, kom etterpå.

I komiteen kom det også fram eit ønskje om å samarbeide med hardingfelespelar Sivert Andreas Holmen.

Klare: Den 3. juni blir Draumen, ei suite for kor og hardingfele, urframførd i Nordre Ål kyrkje i Lillehammer. Her dirigent Åshild A. Haugstad med komponist Henrik Ødegaard. Foto: Guro Vollen/arkiv

Idear som passa saman

– Hardingfela fungerer veldig flott med kor, og dei to ideane smatt liksom ihop. Vi har gjort det før, samklangen mellom kor og hardingfele er så fin, seier Haugstad.

Bestillinga av eit verk for kor og hardingfele, er så spesielt at dei måtte finne ein komponist som kjenner instrumentet godt. – Vi måtte høyre oss føre, og fann ut at Henrik Ødegaard hadde komponert for hardingfele, fortel ho.

Eit slik oppdrag vart formidla til komponisten, som også hadde hatt i tankar sjølv om å tonsetja Hauge sine dikt.

– Du kan skjønne eg har lyst til å vera med på det, var svaret hans, seier ho.

Nå er suite for kor og hardingfele, av Henrik Ødegård, klart til urframføring med koret.

Prosjektet voks på seg etter kvart, så det vart fleire satser.

– Alt låg på ein måte til rette, mange bitar glei på plass, seier Haugstad.

Nytt: Her har Ad Cantus fyrste gjennomsynging av «Draumen», komponert til til saman fem dikt av Olav H. Hauge av Henrik Ødegaard. Det var for eit år sidan. Foto: Guro Vollen/arkiv

Stor oppgåve

– Ei slik stor markering til eit tiårsjubileum er ikkje kvardagskost?

– Du kan seie at vi gjer litt ut av det, ja. Nå fyller ikkje verket heile konserten, så vi framfører også anna musikk. Men det har absolutt vorte eit stort lyft for oss. Vi sette oss eit stort mål, og det er så moro å koma i mål med det, og få det ut til eit publikum, seier ho.

Akkurat det skjer i Lillehammer fyrst. Sundag 3. juni skal verket utframførast under konserten i Nordre Ål kyrkje.

– Men vi skal til Midtdalen med det også, det blir til hausten. Kvar er ikkje heilt bestemt ennå, men det skal bli høve for midtdølar som ikkje tek turen til Lillehammer å få med seg konserten også, seier ho.

Bestillingsverket er fullfinansiert av Norsk komponistfond, og til slutt var det fem tekster av Hauge som vart tonsett.

– Til nå har det berre vore i notemappene våre, så vi gler oss veldig til å få det fram, og eg trur folk vil like det. Sjølv om eg nok er inhabil, seier Åshild Alette Haugstad.