Frå torsdag 2. mai blir det endringar i den lokale leveringa av papiravisa.

Innlandet distribusjon har bestemt seg for å redusere distribusjonsområdet, og med det legg dei ned budrutene opp gjennom Gudbrandsdalen.

Amedia sin avisdistribusjon har dei siste åra hatt eit negativt årsresultat på fleire millionar.

– Det er dermed ikkje lenger økonomisk forsvarleg å oppretthalde deile det geografiske ditribusjonsnettet som vi tidlegare har betjent. Dette som direkte følge av endringane i papiravismarknaden, informerar konserndirektør John Kvadsheim.

Sikre avislevering

Dette får konsekvensar for alle aviser i Gudbrandsdalen og også Dølen. Det betyr at vi må attende til «gamle dagar» og levering med Posten.

Abonnentane vil framleis få avisa på utgjevardagen, men ikkje attåt morgonkaffen. Framover vil avisa kome i tidsrommet Posten vanlegvis leverer der du bur.

– Etter at vi fekk beskjeden om at distribusjonen legg ned, har det aller viktigaste for oss vore å sikre at abonnentane får avisa si på den dagen dei er vande med, seier redaktør og dagleg leiar i Dølen, Tone Sidsel Sanden.

– Vi skulle sjølvsagt ønskje at distribusjonen kunne halde fram som før, men det skjer store endringar i lesevanane til folk, og fleire vel å berre lese aviser på nett. Kostnadane aukar både på trykking og på distribusjon. Vi er likevel trygge på at Posten vil sørge for at avisa kjem fram, om enn ikkje så tidleg på dagen som før, seier Sanden.

For avisene får også endring i papiravisleveringa konsekvensar.

– Ja, for oss betyr det også auka kostnadar, seier Sanden.

Redaktøren oppmodar abonnentane om å bruke den digitale utgåva.

– Alle som abonnerar på papiravisa har også tilgang til å lese oss digitalt. Der er det lokale nyheiter kvar dag. Der finn du og e-avisa, som kjem ut onsdag kveld. Strevar du med å logge deg på nett, er det berre å ta kontakt med oss, informerer Sanden.