Men det er ikkje den lenge etterlengta utbetringa av vegstrekninga som er påbegynt.

Kun vedlikehald

– Nei, dette er nok vedlikehaldsarbeid. Vi reparerer ein natursteinsmur, fortel byggeleiar Henning Garmo hjå Statens vegvesen tysdag.

Det er altså ikkje snakk om utbetring av vegen.

Nils Johan Todal frå aksjonsgruppa for utbetring av Brekkebakken var tysdag hjå Statens vegvesen med undersriftene frå aksjonen.

– Eg hadde eit kort og ryddig møte med Nils Todal i går, der Statens vegvesen fekk overrekt underskriftskampanja. Vi følgjer opp denne saka og vil mellom anna informere vegeigar Oppland fylkeskommune om aksjonen denne veka, seier Asbjørn Stensrud hjå SVV i epost til Dølen.