Klimakrise i Baklien
Førre vinteren det var så kaldt som det e nå, tok Baklieværan saken i egne hender. Eller det vil si, han Arne, naboen min, tok saken i egne hender. Graderstokken synte fram ei tunn blå stripe som tøygde se opp åt rundt 30 minusgrader. Heme åt me å’om Lasse va det hustre’ om mårrån. Oss greidde itte å stå opp før kjerringa hadde gjort opp i ovna og kokt kaffe. Ein dag kom’n Arne, naboen min, på besøk. – Oss må gjer någgå me keilla, sa’n. E har ein ide’. Men oss må spleise… Så fortalde’n Arne om kå’n hadde funne ut n’ ville gjerr. Tu dåggå ette på kom det ein diger trailer på gard’n åt om Arne. På planet hadde’n eit monstrum som bleinka i januarsol’n. Detta digre beistet va’n gåmmål oljefyrt kjel e frå det nedlagte ysteriet. Kapasiteten hadde uante verdier hadd’n Arne fått forsikring om. N’ Arne monterte kjeln’ attmed fjølsvegga med pipe gjort tå stikkreinnerør tå blikk, og kjel’n vart tjora attåt vegga med både stålwire og kjettinger. Folk kom å ville sjå på nyovn hass Arne. – Bi varnt e stuggun nå Arne, sa folk å skratta. –Energianlegg, svårrå’n Arne. Og folk skratta enda mer. Oss kjøpte inn spillolje, parafin, diesel og andre flytandes oljeprodukt i tynnevis. Sent ein kveld fyra’n Arne opp kjel’n og starta vifta på høykanona som sto bak kjel’n, og va tenkt te å kjøle ned anlegget. Varmen lot itte vente på seg. Itte berre i radiatorom våre inne i stuggun, men ute au… Ette nånn time va gard’n hass Arne berr og tellan hadde gått. Uppi åt me draup det tå takom og fluggua vakna i glaskarma. Snogen smelta og gradestokken passerte 0-punktet ved tutida om natta. Senere såmmå vikkua va Baklia i nyhetom. – Lokal klimakrise i avsidesliggende bygd, sa døm. Hestehoven spratt midt i februar inni Baklien dein vinteren.
Söder
|