Eller, rettare sagt - det var i fjor det heitte god jul. I år var det ei viss oppgradering på teksta, som julehelsing frå Sødorp-grenda og traktorkøyrarane på Vinstra.
- I år vart det merry christmas. Det er sjølvsagt mykje vanskelegare å skrive, så ein del øving måtte til denne gongen, fortel Vemund Hagen.
Mykje moro
Det er andre jula på rad at duoen viser presisjonskøyring på høgt plan inn mot jul.
- Alt er gjort "manuelt", her er det ingen GPS eller anna juks, smiler Hagen.
- Noko må ein jo finne på når jula nærmar seg, slår han fast.
Dette har vorte ein tradisjon for Hagen, og for Brandvol. Sistnemde jobbar til dagleg som journalist i VG.
- Vi vil vise kor artig det er å køyre traktor, og kor fint det er i Sødorp. Vemund og eg har mykje moro med det, fortel Brandvol.
- Vi må seie takk til alle i bygda som har late oss få lov til å øve på arealet deira. Vi brukte alt av eigne og andre sine areal før køyringa satt skikkeleg, legg han til.
Og heilt problemfritt gjekk heller ikkje årets julehelsing-stunt.
- Vi gjekk på eit par smellar undervegs: Eg køyrde meg ned i ei myr på setra og måtte ha hjelp av to andre traktorar for å kome meg laus, medan Vemund krasja den beste drona si i eit høgt grantre ved setra, kan Brandvol fortelja.