Statens vegvesen skal asfaltere riks- og fylkesveger i Oppland for 190 millionar kroner i år.

190 kilometer veg får dermed nytt og tryggare dekke i år, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

- Nytt dekke gir betre kjøreforhold på vegen, og aua tryggleik for trafikantane. Samtidig bidreg det til at vi tek vare på vegen og dei ressursane som samfunnet har lagt ned i infrastrukturen, seier prosjektleiar Torgrim Dahl i Dekkeprosjektet i Statens vegvesen Region øst.

Asfaltarbeida vil pågå frå byrjinga av mai til slutten av september.

Desse vegane i Midtdalen får ny asfalt:

  • E6, Fåvang sør til Trøstaker, 3370 meter

  • E6, Elstad til Ringebu sør, 1620 meter

  • E6, Ringebu nord til Fryasletta, 7950 meter

  • E6, Brandrud bru til Vinstra sør, 8762 meter

  • FV 387, Våla bru til Våla bruk, 552 meter

  • FV 410 Nedregate på Vinstra, 2054 meter

  • FV 319, Brauten sør til Bystad, 1263 meter

  • FV 319, Bergdøla til Haukåa, 1182 meter

  • FV 319, Hegge til Skillestad, 945 meter

  • I tillegg kjem fleire små strekningar kring Fåvang og Fåvangkrysset

Her kan du finne kart der du kan zoome inn på kvar vegstrekning.

Vegvesenets kart viser kor asfalteringa skal foregå. På vegvesenet sine nettsider kan du zoome inn i kartet.