Det melder NTB onsdag ettermiddag.

Politiet fekk opplyst frå vitne at kvinna fekk eit lyft i stor fart over ein kul, og truleg vart skadd i nedslaget. Det er oppretta undersøkingssak frå politiet, for å klarlegge hendingsforløpet og årsakar.

– Ingen har sett sjølve nedslaget, men det er tydeleg at ho har falt, seier politiførstebetjent Svein Morten Laingen ved Midt-Gudbrandsdal lensmannskontor til Dølen.

Folk i området kom raskt til staden, og skipatrulja var varsla og kvinna vart sendt til sjukehus.

Brukte hjelm

Politiet fekk varsel om ulykka eit døgn etter hendinga, og har gjort undersøkingar og snakka med skipatrulja og folk som var på staden. Ulykka skal ha skjedd etter det såkalla Mammut-henget, i det som er ein del av nasjonalanlegget og merka som svart løype.

Kvinna var hardt skadd og ikkje bevisst etter ulykka.

– Kvinna har ikke treft gjenstandar eller noko anna i anlegget, og vi har fått opplyst at ho nok var ein bra skikjørar, og at ho brukte hjelm, sier Laingen.

Han seier liknande hendingar kan forekomma fleire gonger i løpet av ein vinter, utan at det blir eit slik fatalt utfall, og karakteriserer det som maks uflaks.

Måndag kveld fikk politiet opplyst frå sjukehuset at kvinna døydde av skadene ho fekk i fallet.

– Burde politiet vore varsla før?

– Eg vil ikkje gje noko kritikk til anlegget her, vi tek det med internt og med Kvitfjell. Det er jo ikkje slik at vi kan bli varsla om alt, og dei var vel heller ikkje klar over kor alvorleg det var, seier Laingen.