Senterpartiet seier ja til Nord-Fron, som eigen sjølvstendig, positiv og sterk kommune.

Intensjonsplanen for ein ny kommune, som vi skal ta stilling til, viser at ein ny kommune vil gi oss ein meir byråkratisk administrasjon, ein dårlegare økonomisk situasjon og eit svekka lokaldemokrati. Denne planen er ikkje god nok som grunnlag for etablering av ein ny kommune i Midtdalen.

Intensjonsplanen er ei opplisting av gode målsetjingar, utan konkrete tiltak. Eitt unntak er at plasseringa av kommuneadministrasjon er bestemt. Denne skal ikkje samlast, men fordelast på alle nåverande kommunehus. Dette trass i at målet er ein kostnadseffektiv administrasjon. Økonomiske konsekvensar av den valde modellen er ikkje vurdert. Ei vurdering av dette vil vise at "vinninga går opp i spinninga".

Det skjer svært mykje positivt i Nord-Fron. Mellom anna fordi Nord-Fron har ein sterk økonomi og ei god økonomistyring. Nord-Fron har samanlikna med andre kommunar store frie inntekter, og desse er grunnlag for ein høg kvalitet på kommunale tenester og store kommunale investeringar. Det er desse inntektene som gjennom mange år har gjort det mogleg å bygge opp Nord-Fron til den gode kommunen den i dag er.

Intensjonsplanen inneber ei kraftig svekking av dette grunnlaget. Dei frie inntektene, som i dag kjem innbyggarane i Nord-Fron til gode, må i ein ny kommune fordelast mellom fleire innbyggarar og på eit større geografisk område. Intensjonsplanen seier ikkje noko om dei konsekvensane dette vil få.

Kommunereform er eit toppstyrt politisk prosjekt initiert av den blå-blå regjeringa. Målet er å endre kommunane for å nå Høgre og Frp  sine politiske mål for samfunnsutvikling. Sentralisering og eit meir omfattande byråkrati vil erstatte det lokale folkestyret, veldrivne små kommunar og gode nære tenester. Talet på folkevalde vil bli kraftig redusert, og meir makt vil bli samla hos færre.

Nord-Fron Senterparti oppfordrar alle om å møte fram ved folkerøystinga søndag 22. mai, og si nei til kommunesamanslåing. Senterpartiet seier ja til ein kommune med fokus på utvikling og vekst i Vinstra, Skåbu, Ruste, Sødorp, Kvikne og Kvam. Levande byar og bygder er det Midtdalen treng. Det sikrar vi best ved å si ja til Nord-Fron som eigen kommune.