Ein stolt og glad Jansrud retta ein takk til mamma Inger Helen og pappa Jan på Vinstra.

- Dei har gjort meg til den eg er, sa Jansrud., som heldt fram:

- Kva er eit forbilde? Eg prøver så godt eg kan å vera ein idrettsutøvar som ser viktigheita av eit lag, sa Jansrud under utdelinga.

Kjetil Jansrud var nominert, men nådde ikkje opp til prisen som Årets mannlege utøvar under idrettsgallaen på Lillehammer laurdag kveld.

Årets mannlege utøvar

Kjetil Jansrud var nominert til fleire prisar laurdag kveld, mellom anna i klassen Årets mannlege utøvar.

Jansrud, som i løpet av fjoråret kunne notere seg for VM-sølv, andreplass i verdscupen samanlagt, seier i super-G-cupen og utforcupen samanlagt, var nominert saman med Alexander Kristoff, sykkel, Petter Northug jr., langrenn, Martin Johnsrud Sundby, langrenn, Rune Velta, hopp og Mats Zuccarello, ishockey.

Det var Petter Northug jr. som stakk av med prisen.

Nominert til Årets namn

Jansrud hadde også sjansen til å hente heim publikumsprisen Årets namn, der han var nominert saman med Marit Bjørgen, Anders Fannemel, Håndballjentene, Therese Johaug, Alexander Kristoff, Petter Northug jr., Sarah Louise Rung, Martin Johnsrud Sundby, Aksel Lund Svindal, Rune Velta og Mats Zuccarello.

Men også her måtte Jansrud sjå seg slått av Northug.

Dansarar frå Midtdalen

Landslagstrener for langrennskvinnene, Egil Kristiansen frå Fåvang og Vinstra, var ikkje nominert denne gongen, men Midtdalen var representert på scenen. Blant underhaldningsbidraga var nemleg premieren på den offisielle Ungdoms-OL-dansen, koreografert av Camilla Tellefsen, og blant dansarane var Loftet Showteam anført av Juliane Bay.

Juryen denne gongen har bestått av toppidrettsjef Tore Øvrebø som leiar, Karen-Marie Ellefsen, Hanne Haugland, Lise Klaveness, Kjetil Andre Aamodt og Jan Erik Aalbu.

Kjetil Jansrud under sølv-løpet i VM i februar. Foto: AFP.