Sør-Fron kommune valde før i vinter ikkje å tilsette ny ungdomsarbeider, og dei har heller ikkje sett seg råd til å halde oppe ungdomsklubben.

Dette har ført til at ungdomsklubben på Vinstra i aukande grad har vore brukt av ungdommar frå nabokommunen. Nå har ungdomskonsulent i Nord-Fron, Erik Tøftestuen, sendt brev til Sør-Fron kommune, der han skriv om eit mogleg fast samarbeid.

Godt tilbod

Trykket av ungdom frå Sør-Fron er aukande, skriv Tøftestuen.

- Dette betyr auka trykk og større grad av slitasje på våre lokaler, og fleire ungdom å halde oversikt over for dei tilsette ved Vinstra ungdomsklubb. Det er difor ei større utfordring å drifte ungdomsklubben med dei same personalressursane som før, meiner ungdomskonsulenten.

29. januar deltok kommunalsjef Arne Gilleberg på eit møte om felles bruk, og det er med bakgrunn i dette Tøftestuen nå inviterer til samarbeid.

- Vi ønskjer å invitere dykk til samarbeid om drift av Vinstra ungdomsklubb, enten via kjøp av tenester frå Nord-Fron kommune, eller ved at ein nytter personressursar frå Sør-Fron kommune inn i drift av Vinstra ungdomsklubb, skriv Tøftestuen.

På denne måten meiner han at ein vil få eit godt tilbod for ungdom i begge kommuner.

Eit av fleire alternativ

Anne Holsbrekken seier til Dølen at Sør-Fron kommune ikkje har motteket brevet ennå, og at det ikkje har vore eit formelt møte mellom dei to kommunane om samarbeid.

- I 2016 er det sett av 173 000 kroner til ungdomsarbeid på kulturbudsjettet. Det er berre halvparten av dei midlane vi hadde i 2015, og ikkje nok til å oppretthalde eigen stilling for ungdomssekretær og drift av ungdomsklubben på Listadhaugen, seier Holsbrekken.

Administrasjonen førebur nå ei sak om korleis ein best skal nytte desse midlene.

- I fyrste omgang legg vi den fram for ungdomsrådet, som vi håpar har meiningar og gode innspel. Samarbeid med andre er eit av fleire alternativ som vil bli vurdert, opplyser kommunalsjefen.