Redaktør og dagleg leiar Bjørn Sletten konstaterer av Dølen nå er største lokalavisa i Innlandet, og er godt nøgd med framgangen, etter nokre år med litt nedgang i opplagstala.

- Det er ingen stor framgang, men det er gledeleg å sjå at vi, og også dei andre vekesavisene i Gudbrandsdalen, held stand og har greidd å stabilisere tala nå, seier han.

Står sterkt i Midtdalen

Han meiner det viktigaste for Dølen er å halde fram med å levere innhald til lesarane.

- Vi har ikkje betalingsløysing på nett, vi har ikkje e-avis og i tillegg er vi temmeleg moderate til å legge ut saker på nett. Tala våre syner at det ikkje er løysingar som e-avis og betaling på nett som er frelsa for avisene, seier han.

Her kan du lese Dølens redaksjonelle årsrpport for 2015.

Sletten håpar at Dølen skal greie å halde opplagstala ganske stabile.

- Vi kan ikkje slå oss på bringa med desse tala, sjølv om vi tek med oss all medgang i ei bransje som har vore snakka ned i lang tid. Tala fortel i alle fall at lesarane set pris på det vi lagar, og at vi står sterkt i Midtdalen, seier Sletten.

Dei små tapar minst

Dei tre andre lokalavisene i Gudbrandsdalen, Vigga, Fjuken og Norddalen, held seg nokolunde stabilt i opplag, med eit marginalt fall i opplaget. Regionavisa Gudbrandsdølen Dagningen på si side har eit fall på over 1000 abonnentar siste året.

Landslaget for lokalaviser (LLA) legg i dag fram nye opplagstal for over 100 av lokalavisene i Norge, særleg fådagersavisene som kjem ut i bygder, tettstader og bydelar Norge rundt. Omkring ein fjerdedel av desse lokalavisene aukar opplaget, øvrige aviser går noko tilbake det siste året.

Her er opplagstala: MBL_LLA_Opplag_2015