Det opplyser ordførar Rune Støstad i ein sms til Dølen søndag kveld.

Det er eit kommunalt jaktlag som har sørgd for fellinga av ulven.

- Takka vera dei gode jaktlaga vi har i Midtdalen lykkast vi med dette. All honnør til dei som er med på dei kommunale jaktlaga, seier Støstad.

I nærleiken av bustadfelt

Det er ei ulvetispe som er skote etter å ha angrepi og drepe sau på Sødorpfjellet.

Det kommunale jaktlaget felte ulven ved Gravdalsvegen mellom Kvamsfjellet og Sødorpfjellet søndag ettermiddag. Det er uvisst kor mange sau ulven har drepe, men det er funne drepe og skambite sau i et antal som berører minst fire besetningar.

De drepte sauene er funne ved Resset og Bruli som ligger rett bak og opp for Toksefeltet bustadfelt på Vinstra.

Geir Johan Groven hos landbrukskontoret i Nord-Fron er letta over at ulven nå er tatt ut.

- Det er bra at vi fekk tatt den ut så raskt. Vi fekk innvilga skadefelling i går kveld, seier Groven.

Førre helg vart fleire sauer drepne av ulv på Kvamsfjellet.

Har ikkje full oversikt

- Det er ein del skader - det er ein del sau som er tatt innafor Sødorp beitelag, seier Groven.

Førebels har dei ikkje full oversikt over skadeomfanget, men i løpet av måndagen blir det sett inn kadaversøkshund, fortel Groven til Dølen.

- Det er veldig god sjans som at det er den same ulven som tidlegare har herja, men det kan vera fleire, avsluttar Groven.

Lokale sauebønder samlet ved Bruli for å lete etter ulvedrept sau. Foto: Tor Larsen