Kvam jeger- og fiskerforening på Sjoa skytebane har fått «vegbonus». Midtdølar har vent seg til at ein ny veg ikkje kjem gratis. Konfliktar om innløyste tomter, støv, støy, venting langs vegen og omkøyringar er døme. Men det kan og ha sine oppsider.

– Vi håpar jo at det kjem til å bli eit meir attraktivt anlegg å nytte, slik at det blir større aktivitet, seier dei tre vi møter på klubblokala til Kvam jeger og fiskerforening på Sjoa skytebane.

Leiar i foreninga Monica Jensvoll, leiar for lerdueutvalet Robert Jensvoll og leiar for underavdelinga Kvam sportsskytterklubb, Geir Tidemandsen, er svært nøgd med samarbeidet med vegvesenet og entreprenøren Aurstad. Det har vore positivt heile vegen.

Vinn-vinn for alle

Anleggsleiar Erik Rangsæter i Aurstad stadfester at det har vore ein vinn-vinn situasjon for alle partar. Massane som har vorte fylt på skytebaneanlegget er ein fraksjon frå knuseverket dei elles ikkje kan nytte, med dimensjon mellom 0-8 millimeter.

Han anslår at 100 lass med dumper kan vera kjørt dit frå massedeponiet rett ved.

– Det var hensiktsmessig for oss fordi det låg så nære. Da slapp vi frakte det lengre av stad, seier han.

I tillegg er det fint å få gje noko att, tykkjer han.

– Det er jo og litt plaster på såret, i høve støv og sølete vegar i snart tre år, seier han.

Gjev betre anlegg

Det er Statens vegvesen som eig massen.

– Vi ser at det genererer mykje aktivitet når vi får strukturert anlegget. Nå får vi veldig bra siktliner mot den nye jamne bakgrunnen, og det set skyttarar pris på. Denne sporten handlar mykje om det som sit mellom øyrene, og da er slike ting som det viktig, seier Tidemandsen.

Kvam JFF har mange medlemmar, av dei er 21 aktive lerdueskyttarar. I tillegg har Sjoa Skytterlag og Kvam Pistolklubb også fått masse til utbetring av skytevollane sine.

Denne saka er ei forkorta utgåve av ein sak som fyrst vart publisert i papirutgåva av Dølen 9. juni. Abonnere på Dølen? Klikk her!