Øyvind Sandvold er fyrste kandidat ut til Årets midtdalsbonde, og oppsummerer essensen av det gode bondelivet i motsett ende av skalaen. Å ikkje vera ferdig er tvert om noko av drivkrafta.

Heime på Solbjør i Sødorp, er det noko som får han til å tenkje at i morgon er det nye spanande prosjekt og nye oppgåver å løyse, nye ting å lære og nye metodar å prøve.

– Det er det som held meg i gang. Å vera nysgjerrig gjer at ein opnar for ny kunnskap. Det er så mange gode idear og mange måtar å gjera ting på. Målet er alltid å bli betre, seier han.

Meir jorder

Vi er nesten innpå fjellet ovanfor garden. På det som har vore ein skogteig, er Øyvind og familien i ferd med å lage nye jorder. Til saman skal det gje nye 200 mål til dyrkamarka. Til nå er 120 klart for å bli tilsådd – i alle fall i løpet av ikkje så lenge. Familien, det er Mari (9), dotter til Øyvind og sambuar Torunn og barna hennar, Petter (7) og Nora (10), er i fullt arbeid.

Han kallar Torunn nåla i høystakken. Som han fann, og som fløtte inn i fjor.

– Ho har funne seg godt til rette på garden.  Vi har same tankesett, og trua på at ein må vera fleire om jobben på garden. Eg likar å få ting gjort, men ho er kanskje hakket ivrigare. Nå lærer ho seg å kjøre traktor,  seier han.

Øyvind vart aleine i 2008, med delt omsorg for Mari. Kvardagen vart ein heilt annan, men med god hjelp og støtte frå familien, har det gått betre enn forventa.

Ikkje i ro

Drømmen om å byggje ein ny og moderne driftsbygning låg der sidan han tok over garden i 2004 etter onkelen Gunnar. Draumen vart realisert i 2013.

- Det vart mykje meir tankearbeid og fysisk og psykisk utfordring enn eg hadde tenkt på førehand. Heldigvis kom eg i kontakt med Arne Lohaugen, som eg ikkje kan få fullrost. Han hjelpte meg med gode praktiske råd i tillegg til maskinarbeid med tomta. Han er framleis med i bilete.

Arne og gravemaskina hans er ferdig med ei grøft, som gjengen fort  legg drensrøyr i, og som så skal fyllast med sagflis som filtreringsmateriale. Øyvind køyrer att og fram mellom grøfta og flishaugen.

– Du har ikkje lett for å sitja i ro?

– Nei, ein bonde kan sjeldan sitje i ro, til det er det for mange arbeidsoppgåver, smiler han.

For å få gjennomført intervjuet, er det naudsynt for journalisten å sitje i ”svigermorsetet” i Fendt’en medan grøfta fyltes med flis og jordmasse. Vi får henge med på lasset.

Ikkje med straumen

Sidan han tok over garden, har han hatt mykje kontakt med fagfolk med tanke på at han skulle byggje ny driftsbygning. Og det vart en del ”forsking” før han bygde det nye fjoset for nokre år sidan. Bygd i massivt tre, pustar det sjølv, er uisolert bortsett frå dei seks centimetra med tre i veggen og har velferdsavdeling for nykalva kyr og svakare dyr. Mjølkinga styrer kyrne sjølve via mjølkeroboten.

Engasjementet kjem fort fram. Øyvind er med i styret i Bondelaget lokalt. Her har han spesielt hatt ansvaret for utplassering av ungdomsskoleelevar rundt om på gardane i fleire år. Han har bak seg ein periode i utvalet for landbruk, utmark og miljø (LUM) i kommunen. Dessutan er han i leiar i styret for Fron avløysarlag, og han er med i styret i Norsk Pløying, som har i oppgåve å kåre norgesmester i pløying og ta ut deltakarar til verdsmeisterskap.

Gamalt og dyrt

Ein av sakene han har engasjert seg i er måten bonden får den økonomiske byrda, når samfunnet vil påvise og ta vare på fortidsminne.

– Slik det er i dag, må den som eig eit areal som det skal gjerast noko på, ofte ta utgiftene med arkeologisk påvising eller utgraving. Dette synest eg er urimeleg og meiner det heller bør vera ei samfunnsoppgåve, seier han.

Dette vert teken opp i styret i det lokale bondelaget, og dei vart samde om å vidaresende saka til fylkeslaget. Dei i sin tur har teke saka opp og gjort den til ein nasjonal prinsippsak.

– Dersom samfunnet meiner det er viktig å ta vare på fortidsminne, kan ikkje grunneigar som får restriksjonar eller ulemper som følgje av dette, ta kostnaden aleine. Tenk kor mange potensielle registreringar av slike minne som kan bli borte, fordi det er billigare og enklare å «oversjå» dei, når ein til dømes gjer ei nydyrking som dette, seier han.

Scanning frå lufta

Her på nydyrkinga er derimot alt i orden. Takka vera at ein engasjert og ivrig jordbrukssjef i Nord-Fron fann midlar til georadar, vart denne skogteigen og fleire område i kommunen scanna med slik utstyr frå lufta, og ein slapp å få utgifter til manngard etter kolgroper.

– Eldrid Siem er verkeleg ein dyktig jordbrukssjef, som legg til rette og pushar på, og ikkje minst inspirerer oss gardbrukarar, konstaterer han.

Øyvind meiner det er teikn til framtidstru i landbruket i Midtdalen, som eksempel kan ein nemne prosjektet Midtdalsbonden inn i framtida. Dessutan kan landbruket ha hatt fordel av at Frp har kome i regjering, på den måten at landbrukspolitikk har vorte snakka om av fleire – det har kome på dagsorden på ein annan måte.

Færre og færre

– Men eg er bekymra for at mange mindre bruk blir borte. Det står alt for mange gardar rundt omkring som berre blir budd på. Og så køyrer andre og hentar rundballar over store avstandar, det er ikkje bærekraftig, meiner han.

Ansvaret på dei få som er att, blir stort.

– Eg håpar at flest mogleg av dei som er att held ut, det er alle dei små og mellomstore einheitene som til saman gjev volum, seier han.

Meininga i jobben har han ikkje vanskar med å finne.

– Vi ser faktisk resultat av alt vi gjer. For eksempel om eg prøver luserne (ein nitrogenfikserende plante, journ.anm) i foret, så ser eg det att i høgare proteininnhald i mjølka, og får betalt for det. Om eg pløyer bra, slepp eg ugras og unødig sprøyting. Vi bønder føler at vi gjer ein av dei viktigaste jobbane i samfunnet ved å produsere trygg, god og rein mat. Og på området blir vi vel heller aldri ferdig utlært,  seier han.

Torunn og barna er naturleg ein del av arbeidslaget på Solbjør. Foto: Guro Vollen