Været var strålande og folk strøymde til flyplassen på Frya for å få med seg både flyshow og street legal-konkurranse.

Fyrste på Frya

Arrangørar for motorshowet var Amcar HD Fron, saman med NMK Midt-Gudbrandsdal og Gudbrandsdal flyklubb.

Arrangementsleiar for Street legal-konkurransen, Kjell Ivar Slettmoen, fortel at konkurransa er ein del av Amcar-cupen, og at det er siste konkurransa i austlandscupen i år.

- Vi har påmeldt 67 bilar, frå Verdal til Fredrikstad. Det er fyrste gongen vi arrangerer noko slik, og målet er jo å halde slike konkurranser på Pallane, seier han.

Mykje på plass

Planlegginga starta i fjor, og sjølv om dei lokalt har vore ferske på denne type arrangement, har dei fått mykje hjelp av Amcar Brumunddal, som har arrangert slike løp i fleire år.

- Vi har måtta avslutta der, delvis fordi gata vi nytta ikkje kan brukast meir. Dermed blir vi med her i staden, seier Nils Arne Weideborg frå Amcar Brumunddal, som har vore sjef for teknisk sjekk på Frya.

I tillegg til kompetanse, har Brumunddal også bidrege med utstyr. Også i nærområdet har arrangørane møtt stor velvilje, i følge Slettmoen.

- Vi har fått låne utstyr frå bedrifter rundt omkring, vi låner stort areal til depot, og vi har fått støtte frå ei rekke sponsorar, seier han.

Også regionrådet har støtta motorshowet, med 30 000 kroner. Når værgudane i tillegg støtta opp med finvær, var det ikkje meir som kunne leggast til rette.

Godkjente bilar

I street legal må bilane vera registrert og godkjent for kjøring på veg, og dei går også gjennom teknisk kontroll her før dei får lov til å starte. Konkurransereglementet er strengt og detaljert.

- Det gjeld å ha såpass oversikt at du veit kvar du skal leite når det oppstår eit spørsmål, seier jurymedlem Ronny Moen.

Bilane stiller i ulike klasser, og køyrer mot ei "idealtid" i det starten går. Frå start til mål er det 201 meter, og ein skal ikkje køyre fortare enn tida som står på tavla før start.

- Samstundes er det den som kjem fyrst som vinn, så det gjeld å kjenne bilen sin godt, forklarar Slettmoen.

Meir om reglementet for dei som ønskjer det her.

Fyrst på dagen opna Frya motorshow med flyshow, med mellom anna seilflyoppvisning, modellfly, fallskjermoppvisning og akrobatikk.

Kasserar Kåre Solbakken kunne på slutten av dagen konstatere at dei ser ut til å lande på pluss, etter at 1000 betalande hadde vore innom arrangementet.

- Totalt var nok 1500 innom portane når ein reknar deltakarar i konkurransen, barn under 12 år som gjekk gratis og funksjonærar, seier Solbakken.