Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) legg i dag fram den nye klimaprofilen for Oppland fylke for fylkesutvalet.

– I Oppland vil klimaendringa særleg føre til behov for tilpassing knytt til ekstremnedbør og flom i små, bratte, masseførande sidevassdrag som kan bryte ut av sitt normale løp. Knytt til slike hendingar er det også ofte problem med flom- og jordskred. Hyppigare og meir intens nedbør vil dessutan gi auka utfordringar med overvatn, seier Hege Hisdal, hydrolog og klimarådgivar i NVE/Norsk Klimaservicesenter.

Må gjennomføre klimatilpassingstiltak

I ei pressemelding frå NVE heiter det at "dersom klimagasutsleppa held fram med å auke som nå, vil vi ved slutten av århundret få fleire og større regnflommar, auka fare for jord-, flom- og sørpeskred og kraftig nedbør: oftare og meir intenst".

NVE meiner kommunane derfor må gjennomføre klimatilpassingstiltak.

Her kan du sjå den nye klimaprofilen for Oppland.

– Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga. Kommunene må styre arealbruken bort frå fareområde. Dette er det beste og mest effektive verkemidlet for å forebygge skader frå flom og skred på ny bebyggelse, seier NVEs regionsjef Petter Glorvigen i ei pressemelding.

Flommane i 2011 og 2013 ramma spesielt hardt i Kvam. Her frå Veikledalen i 2011. Foto: Bjørn Sletten/arkiv