Solberg var tysdag både letta og glade for å ha vunne fram med klaga si, etter at Nord-Fron kommune sin dispensasjon frå krava i reguleringsplanen, om støyskjerming, vart oppheva av Fylkesmannen.

Kan ha jubla for tidleg

Dei har stått på for at Vegvesenet skal måtte forhalde seg til den opphavelege plana om støyskjerming. Nå må Statens vegvesen (SVV) i prinsippet det, i og med at Fylkesmannen har konkludert med at vilkåra for dispensasjon frå reguleringsplana ikkje er til stades.

Men Kari og Odd Solberg kan ha jubla for tidleg. Enden på visa blir truleg ny reguleringsplan utan meir støyskjerming.

Nord-Fron kommune har allereie sendt brev til SVV, der dei ber om ei rask avklaring av kva vegvesenet vil gjera.

Dei gjev byggherren for ny E6 to moglegheiter til å rette opp, anten bygger dei støyskjerming, eller så må dei koma med ny reguleringsplan.

– Med bakgrunn i Fylkesmannens kommentarar knytt til kunnskapsgrunnlaget for gjeldande plan, synes det truleg mest hensiktsmessig å regulere på nytt, i og med at gjeldande plan er vedteke med bakgrunn i støyberekningar som ikkje er korrekte, skriv kommunen til SVV.

Fylkesmannen legg i vedtaket til grunn at støyberekningane som Nord-Fron kommune i 2015 gav SVV dispensasjon på grunnlag av, er korrekte.

Dette reagerer Kari og Odd Solberg sterkt på.

– Så dei kan berre regulere seg rundt ei støyskjerming? Det syner at storsamfunnet likevel liksom er konge, seier Kari Solberg, om det som truleg blir resultatet.

Ho seier dei nå kjem til å skaffe seg støymålar frå dag éin, for å syne at støynivået kjem til å koma over nivået i retningslinene.

Les meir i Dølen torsdag.