Ei høgtideleg gevinstoverrekking med kake og blomar ein fredag i desember, var ikkje det ho hadde rekna med da ho skylte og bretta kartongar til papirinnsamling.

- Eg trudde nok ikkje eg skulle sjå att den, nei, ler ho.

På kontoret til Midt-Gudbrandsdal renovasjonsselskap (MGR) får ho gjensyn med kartongkubben og handfast bevis på gevinsten, som er ein av 124 i det landsdekkjande lotteriet.

Gratislotteri

Lodd i lotteriet får alle som leverer kartongar i returordninga til MGR, dersom dei skriv namn og telefonnummer på returkubben. Kriteriet er at minst seks bretta kartongar er putta inn i ein.

Anny Svalund i MGR tykkjer det er artig å få ringe og melde om at miljøgevinsten har vorte ein pengegevinst i tillegg.

- Det er moro å få overlevere den beskjeden, og så er det jo artig at vi har hatt to vinnarar på eitt og eit halvt år, seier ho.

I fjor sommar vann nemleg ein toåring frå Sør-Fron i same lotteriet, ti tusen kroner det også.

Saman med papir og plast

MGR samlar plast, papir og drikkekartongar samtidig, plasten blir sortert ut i hallen på Frya, og det blir også kartongane med namn og nummer. Dei havnar i ein eigen behaldar, og trekning går føre seg frå den fire gonger i året.

- Vi får berre lov til å sende inn ein til det landsdekkjande lotteriet, det går etter folketal - slik sett er det kun ein til "finalen" frå her, og det vart Laila denne gongen, seier Svalund.

Laila Fjellseth karakteriserer seg sjølv som midt på treet flink på avfallssortering.

- Eg sorterer jo mat, plast og papir. Og så prøver eg å få levert boksar og glas på dei kontainarane som står rundt omkring. Kartongar vart eg flinkare med etter at eg fekk ein sønn, da vart det meir mjølkedrikking, seier ho.

Og det gav uttelling.

- Fin gevinst å få rett før jul?

- Ja, det er jo kjempefint! Og kanskje det kan gjera at fleire hugsar på å levere drikkekartongar, seier ho.