Det var sterk vind allereie frå morgonen onsdag, men også håp om at det skulle løye utover dagen.

Verdscuprennet i Santa Caterina vart utsett, fyrst ein, så to gonger. Til slutt vart rennet avlyst på grunn av dårlege værforhold, melder FIS på sine heimesider.

Dermed blir det kun åtte verdscuprenn denne sesongen, mot normalt ni. Frå før har utforrennet i Lake Louise vorte fløtt fram til Kvitfjell, og Beaver Creek, som vart fløtt til Valdisere, gjort at det ikkje er meir plass i ein ellers tett verdscupkalender.

Det er Aksel Lund Svindal som leiar verdscupen i utfor, medan Jansrud er på andreplass.