Filmprosjekt om Peer Gynt på Gålå:

Ber om stønad til dokumentar

I samarbeid med eit TV-produksjonsselskap skal Peer Gynt produsere ein dokumentarfilm for visning på NRK i jubileumsåret.

Peer Gynt AS søkjer midtdalskommunane om midlar til å finansiere eit dokumentarfilmprosjekt, i jubileumsåret for Peer Gynt-stykket.Foto: Tone Sidsel Sanden/arkiv

Nyheter

Det er i år 150 år sidan Henrik Ibsen leverte manuskriptet til Peer Gynt, og i samband med jubileet søkjer Peer Gynt AS midtdalskommunane om til saman 200 000 kroner i støtte til prosjektet.

- Vi ønskjer å produsera ein dokumentarfilm som skildar heile produksjonsprosessen av Peer Gynt på Gålå, heiter det i søknaden til kommunane.

- Forsterkar Midtdalen

I vurderinga frå rådmannen i Ringebu til formannskapet, innstiller ein på å støtte prosjektet med  50 000 kroner.

- Isolert sett vil nok dokumentaren omhandle mye fra Sør-Fron og rundt selve området der spillet foregår, men programmet vil være med på å forsterke hele Midt-Gudbrandsdalen som destinasjon og reiselivsprodukt. Dette er positivt for Ringebu kommune, heiter det i innstillinga.

I følge prosjektskildringa inneber produksjonen intervju med medverkande, skildring av preproduksjon og produksjonsfasa, samt å vise delar av framsyninga.

NRK har i følge søknaden stilt seg positive til å kjøpe visningsrett til filmen, noko som vil finansiere 200 000 av ein estimert totalkostnad på 1,1 millionar kroner.

Dokumentarfilmen er tiltenkt ei lengd på 60-90 minutt. SvTV og DK1 skal også vera interesserte med tanke på internasjonal distribusjon, i følge søknaden.

Det er Fjord TV som skal produsere dokumentarfilmen, som ein håpar skal bli vist på NRK i desember.