Det var ikkje berre i alpinbakken i Kvitfjell det gjekk fort laurdag. Også på E6 gjennom Ringebu var det tidvis stor fart.

Mellom klokka 14.00 og 17.30 gjennomførte UP fartskontroll på E6 i Ringebu. Ein bilførar vart anmeldt og fekk førarkortet beslaglagt, opplyser politiet.

Bilføraren kjørte i 82 kilometer i timen i 50-sona. I tillegg skreiv UP ut elleve forenkla forelegg for fart, og ein bilførar fekk gebyr for manglande bilbelte.