Foreninga har nemleg teke steget og tilsett dagleg leiar i desse dagar. Therese Hvattum Heramb frå Ringebu er så nytilsett at jakka med emblemet blir overlevert av styreleiar når dei to møter Dølen denne veka.

Spark bak

Heramb er den som skal ta tiårsjubilanten vidare i den daglege drifta, og i vidare utvikling. Ho er ikkje ukjent med DNT, og har også jobba i sentralorganisasjonen medan ho var student.

– Ho skal «sparke styret litt i ræva», seier styreleiar Magnar Bratlien frå Kvikne.

DNT Gudbrandsdalen har eksistert i ti år. I løpet av eit år har dei over 70 turar på programmet, fortel Bratlien.

– Nå såg vi at vi trong ein person til å ta seg av den kontinuerlege drifta. Fram til nå har det vore kvelds- og helgarbeid for oss i styret, seier leiar Magnar Bratlien.

Så hadde dei også totalt 3092 dugnadstimer i 2016. Med styrearbeid, planlegging og gjennomføring av turar og aktivitetar. Det inkluderer også stigruppa sitt arbeid.

– Vi har ansvaret for èin sti, Peer Gynt-stien, i nettverket til DNT. Den går frå Skei i Gausdal via Fagerhøy, Gålå, Fefor og til Dalseter i Espedalen. Frå Gålå òg ned til Harpefoss og til Øvre Skar og Sulseter.

Digital

Medlemmane til DNT med adresse i dei ni kommunane i Gudbrandsdalen er automatisk med, og foreninga er ein del av ein solid oppsving når det gjeld interessa for fjellturar og friluftsliv.

– Vil folk ha turane sine fiks ferdig på mobil og sjå på ein app kvar dei går i dag?

– Eg trur nok folk ønskjer seg bort frå det digitale, på sjølve turen. For både før, under og etter turen er det jo moro og nyttig å planlegge og sjå kvar ein har gått, seier Therese.

Ho tykkjer det er stor stas å få vera med å utvikle foreninga, og sjå kva det kan gå an å få til. Ein av hjertesakene hennar er å få ungdom aktive.

– Mange trur kanskje at DNT handlar om høgt, langt og raskt, men det er jo ikkje så mykje som skal til, seier ho.

– Eg likar godt småturar etter ein arbeidsdag, til eit utkikkspunkt, til dømes, for å berre sitja og glåme. Det kan vera like fint som ein stor topptur, seier Bratlien.