Det er ein forskjell på 1.750 kroner mellom klubben som krev inn minst,  og dei som krev inn mest. Kvam IL og Fron fotball 2010 (FF2010) ligg på kvar si side, når det kjem til betaling for fotballaktivitetar.

Kva ligg i summen

I Kvam IL er inngangsbilletten til fotball medlemskontingenten på 100 kroner, for spelarar i aldersbestemte klasser. Ingen betaler meir før dei er over 18 år; da må seniorspelarar ut med 1000 kroner.

Fron Fotball 2010 opererer med større summar; her må ein spelar i yngre klasser (13-16 år) ut med 1850 kroner - men da er også medlemskontingenten på 150 kroner inni totalsummen.

– Så må ein også sjå på kva som ligg under tala, seier Tommy Rudihagen, som er leiar i FF2010.

Han skriv i ein e-post til Dølen at andre klubbar i nærleiken nærast «skryter» av at dei ikkje krev inn treningsavgift, og såleis har interesse av ei slik samanliking.

– FF2010 har vald å begrense dugnader og loddsal og liknande noko, som da betyr at treningsavgifta må vera høgare for å finansiere aktiviteten. Dette er ei løpande vurdering, seier Rudihagen, og legg til at klubben ikkje mottek kommunale tilskot, anna enn gratis hall-/baneleie.

Totalrekneskapet

– Kvam er ei relativt lita bygd, og vi ønskjer ikkje at økonomi skal vera til hindring for at nokon kan vera med, seier dagleg leiar Ole Petter Brendstuen.

Idrettslaget i Kvam eig og driv også Furusjøen Rundt AS, og har tre tilsette i laget.

– Vi har mange utgifts- og inntektspostar i idrettslaget i løpet av eit år, men for idrettslaget er det totalrekneskapet for alle aktivitetane vi ser på og som skal gå i hop, seier Brendstuen.

Han seier det meste er basert på frivillig innsats, slik at utgiftssida blir begrensa.

– Ellers prøvar vi å bruke ein del utstyr på tvers av gruppene, slik som at draktsett blir brukt av både håndball- og fotballaga, i tillegg til inntekter frå til dømes kiosk, sponsorar, kulturpengar og grasrotmidler, seier Brendstuen.

Kan vera hinder

I 2011 utarbeidde Norges fotballforbund ein rapport som synte store forskjellar mellom klubbar i heile landet.

– Den totale kostnaden for deltaking vil ofte også vera større enn den summen ein betaler til klubben, heiter det om rapporten på NFFs heimesider.

Rapporten konkluderer med at det stort sett er billig å drive fotball i Norge, men at det i sentrale strøk og i en del klubbar så høge utgifter at det blir eit hinder for å vera med.

Kostnadssnittet for ungdomsfotball i Oppland var under 1000 kroner i undersøkinga frå 2011. (Ei ny undersøking er under utarbeiding frå NFF)

Guro Vollen

Foreldre med aktive fotballungar har ulike utgifter til aktivitetane i dei ulike klubbane i Midtdalen. Foto: Tone Sidsel Sanden/Arkiv