Tapte kampen om kretsmeisterskapet ...

... men Frons-jentene fekk pokal likevel, etter at dei vann si avdeling i 4. divisjon.

God sesong: Fron sitt damelag kan sjå attende på ein solid sesong, sjøv om dei tapte kampen om kretsmeisterskapet. Foto: Gunn Lien.

Kaptein Regine Stokkevåg Eide med vel fortent pokal.Foto: GUnn Lien

Nyheter

Søndag var damelaget til Fron på Ottestad for å kjempe om kretsmeistertittelen med dei to andre avdelingsvinnarane i Indre Østland fotballkrets, Lunner og Ottestad.


Overlegen seier på hjemmebane

Jubel for scoringsbonanza og opprykk

Fron Fotballs unge damelag er klare for opprykk til 3. divisjon. Søndag slo de Lillehammmers rekkrutter hele 10-1 i Kåja.

 

God innsats

Lunner tapte sin kamp mot Ottestad førre helg, og difor vart det finalespel mellom dei og det unge laget til Fron.

– Vi var å sjå på som under dogs i dette oppgjeret, da Ottestad har heile fire spelarar med landslagserfaring. Men fronsjentene gjekk på banen og tok rett og slett kommandoen, fortel trenar Jan Petter Eide til Dølen. Fron gjekk også opp i leiinga etter 14 minutter, men Ottestad utlikna rett etter.

– Første 20-30 minuttane hadde vi fullstendig overtak i banespele, men Ottestad fekk eit nytt mål og gjekk til pause med 2-1-leiing, sier Eide. Etter kvilen, tok Ottestad meir over, og da sluttsignalet gjekk, sto det 5-2 til dei.

– Absolutt meget god innsats av jentene, slår trenaren fast.


Ber Nord-Fron kommune om meir friareal

- Vestsida-banen bør få vera grøn

Det meiner Utvalet for menneske med nedsett funksjonsevne i Nord-Fron. Dei meiner fotballbanen i Lomoen må bevarast som friareal.

 

Fron har vunne serien i år med solide ti poeng før nummer to på tabellen, og 72-12 i målforskjell.

– I denne kampen fekk vi prøvd oss på eit høgare nivå seier Eide, om sesongavslutninga for det solide damelaget.

Ottestad hadde laga ei fin ramme rundt kampen, med fokus på Rosa sløyfe-aksjonen. Alle inntektene frå billettsalet gjekk til aksjonen, i tillegg til overskotet frå kiosksalet.