Vinstra målarklubb har sidan føresprnaden frå dåverande bibliotekar i stiftingsåret 1975, vore årvisse utstillarar i førjulstida. Kor mange bilde til saman er uvisst, men i år er det om lag femti.

Leiar Ola Holen spør kvar av medlemmane og tek eit kjapt overslag for oss, medan bileta står oppstilte langs veggane før opphenging førre fredag.

Oppheng på dugnad

Opphenginga skjer på dugnad, må veta. Og kvar er snøret? Det summar hektisk og bilete etter bilete blir plukka fram frå bobleplast og skal opp på veggen.

- Det er ikkje endeleg vedtak på kvar noko skal ennå, seier Ola Holen. Dei blir samde etter kvart, ein vegg passar best til dei store formata, ein må ha to rekkjer med bilete.

Faste møtepunkt

- Vi målar kvar onsdag vår og haust, i gymsalen på ungdomsskulen, fortel Vigdis Kleiven Sveen.

Nå er det ikkje alle som målar best medan dei er der, men det sosiale er også viktig. Måling, ei kaffepause og meire måling.

Saman med leiar Ola Holen er Sveen den med lengst fartstid. Båe har vore med sidan starten, og konstaterer at nokre av dei "yngre" medlemmane også held på å grånast.

- Det har vore innom yngre folk også, men dei blir ofte borte fordi dei flytter ut, seier dei.

Og til målarklubben er nye medlemmar alltid velkomne. Juleutstilling inkludert.

Salsutstillinga opna måndag, føljer opningstidene til biblioteket, og blir hengande fram til 21. desember.

Vinstra målarklubb stiller for 43. gong på rekkje ut på biblioteket på Vinstra. Foto: Guro Vollen