Bakarvarer, julemat, godsaker til heilårsbruk og julenek til fuglane. Det meste av mat var å få, i tillegg det store utvalet av brukskunst og håndarbeid.

– Vi har ein ny vri i år, med utstillarar både oppe og nede, og plass til kafebord i midten oppe, seier vertskapet Nina og Øystein Rudi.

Etter ein roleg start med julemarknad i 2008, har det rusla seg større, og i år var det over 30 utstillarar på plass. Nina gjev publikumstalet dei siste åra eit forsiktig anslag på 400, kanskje er det noko meir.

– I dag var det kø ved standen til Bakeren i Lom allereie før vi opna, seier Øystein.

Julemat og julestemning

Mange matprodusentar var på plass, som Bonden Sylte frå Fåvang og Rondane gardsmat frå Folldal med all slags julemat. Sjokolade og kaker mangla heller ikkje, og lokaleksotiske varer kunne også finnast.

For det må ein vel kalle marmelada til Mette Jacobsen; produsert med heimeavla chili.

– Den er dyrka i drivhus og har Sorpero-smak, ler ho.

Emma Granefelt frå Ringebu prøver fikenmarmelada med det same, og den fell også i smak.

Norsk roseforening i Gudbrandsdalen har også vore med på Rudi-marknaden før, og i år hadde Britt Karen Hagen og Berit Sand med heile 18 sortar gelear og marmelader på glass.

– Alt er laga på dugnad, og i år har vi også utvida sortimentet, fortel dei.

Rosegele er sjølvsagt med, i fleire ulike versjonar. Ein luksusgele, i følge damene.

Emne frå fjellet

– Emne finn eg på tur, eg går mykje i fjellet, og har alltid med ei lita sag i sekken, fortel Kjell Skriubakken, som stilte ut resultat av emnefangsten. Unike trekoppar og bestikk til turbruk, dekorert med kolrosing eller treskjering.

– Av desse bamsane har eg nok strikka eit par hundre, seier Akiko Kampestuen. Nokre av dei har havna i Japan, i Tysklane eller Thailand. Med hjelp av barnebarna Thor og Margrethe fekk ho hjelp til å selja nokre av dei lokalt.

– E har tu frå før, hæll nei, tri, seier Thor, medan ein av dei minste bamsane får ein ny eigar.