Det er framleis november når vi er på besøk, men her er det allereie mange skiløparar, og i følge Stensrud, på det beste novemberføret nokon gong.

– Vi plar å opne tidleg, men nå har vi i tillegg til kunstsnøen to fine snøfall i fjellet, så det er faktisk utruleg bra, seier han.

Det gjev verdifull merksemd og bonus i skuldersesongen.

Mellom formel 1 og barnebakke

Å bli nominert til Verdiskapingsprisen set han stor pris på.

– Det er hyggeleg for oss å vera på den lista, blant mange gode bedrifter i regionen. For oss er det viktig å ha eit godt rennomme lokalt, at kommunen og folk her er stolte av Kvitfjell, seier han.

Som idrettsanlegg er Kvitfjell ein arrangør som gjer regionen synleg for heile verda, gjennom verdscup-arrangementa. Samstundes som idrettsanlegget Kvitfjell, med «formel1-løypene» til fartsdisiplinane, er noko anna enn alpinanlegget som rettar seg mot eit breitt publikum med barnebakkar og snillare profil.

– Det er den kommersielle delen som gjer at vi har greidd å bygge musklar som verdscuparrangør. Å drive vidare etter OL som reint idrettsanlegg ville ikkje vore mogleg. I tillegg har statusen som nasjonalanlegg vore avgjerande, seier han.

Skog og beite

For vel 25 år sidan var det skog og utmarksbeite her vi står. Etter OL var det inga sjølvfølge at anlegget, som hadde vore fartsarena, skulle bestå.

I staden for at Kvitfjell vart demontert og gløymt, kom eigarar som har sett moglegheita til å utvikle den kommersielle delen av verksemda. Stensrud trur det også har vore føresetnad for suksessen til idrettsanlegget.

– Det er vel ingen andre anlegg som har greidd seg frå OL-arena til å etablere seg som klassikar på verdscup-kalenderen slik Kvitfjell har gjort, seier Stensrud.

For Kvitfjell har statistikk som ein stabil verdscuparrangør sidan 1993.

– Kvitfjell har vore den sikraste arenaen for gjennomføring utan avlysning, seier Stensrud.

Viktig å vera lokal

Ein stabil og lokalt forankra arrangørstab er ein av føresetnadene - og den forankringa ønskjer Kvitfjell å halde fram med å dyrke. Difor er sponsing av heiskort til barneskuleelevar og tett samarbeid med klubbar som til dømes Kvitfjell brettklubb ein av måtane å sikre framtidig rekruttering på.

– Det er viktig for oss å ha den forankringa i lokalmiljøet, at folk her har eit eigarskap. Anten dei har jobba her eller stått på brett med vener, seier han.

Og effekten av Kvitfjell er synleg lokalt. Ei analyse av ringverknadene av Kvitfjell for nokre år sidan, synte at 500 årsverk var knytt til Kvitfjell, halvparten til reiseliv og halvparten i utbygging av hytter og infrastruktur.

– Vi er vel omtrent der nå også, seier Stensrud, og legg til at dei legg vekt på å bruke lokale mest mogleg.

Sjølve sysselset dei gjennom året, hovudsakleg på vinteren, opp mot 150 tilsette. Og før jul, blir den tredje fjellsida opna. Eventyret i Kvitfjell skaut for alvor fart da Kvitfjell vest vart opna, med snillare løyper og utbygging av hytter på andre sida. I tillegg til at kommunen har vore positiv, må lokale grunneigarar nemnast.

– Her er det kun private grunneigarar, og dei vist velvilje og interesse, og det er inga sjølvfølge.

Og utviklinga held fram, mellom Varden og Kvitfjell vest.

– Med Varden som ei tredje fjellside vil Kvitfjell nå få noko unikt i Skandinavia, meiner Stensrud.

Gode forhold i sesongstart er bra, når 9/10 av inntektene kjem om vinteren. Foto: Guro Vollen