Ei undersøking Midtdalen næringsforening (MGNF) gjennomførte blant sine medlemmar i november, syner at 20 av 21 spurte opplever god nok nettilgang som særdeles viktig eller viktig for næringa dei driv.

Utfordrande

Flesteparten av dei spurte medlemmane har utfordringar med dagens tilgang.

– Tilstrekkjeleg nettilgang er ein føresetnad for å kunne konkurrere på like vilkår, svarar ei av medlemsbedriftene.

Eit paradoks er at problemet ofte blir større, til betre verksemda gjer det. Fleire gjester krev betre kapasitet...

Aanekre gard var ein av bedriftene som svara på undersøkinga.

– Eg saknar at nokon har oversikt, og meiner eigentleg at dette er ei oppgåve det offentlege må koordinere. Nettilgang sikrar oss moglegheiter til innovasjon og kompetanseheving på bygda, meiner Aanekre. På garden må dei sjonglere mellom nett frå radiolink og 4G.

– Vi betaler mykje for veldig dårleg, seier ho.

Bra kapasitet - i tettstadene

Bedriftene med størst utfordring er ikkje uventa dei som har adresse utanfor dei større tettstadene, til dømes i Espedalen og Skåbu.

Det gjev også store sprik i kapasitet (målt i megabit per sekund, mbs) hjå dei som har svara på undersøkinga.

Dei nasjonale føringane for breiband har sett 100 mbs som minste standard for høghastigheitsnett, og målsetninga er at 90 prosent av husstandane i landet skal ha slik kapasitet innan 2020. I undersøkinga til MGNF svarar fire av 21 at dei har «ok» nett eller fiber, medan resten anten ikkje veit, har 4G-løysingar eller alt frå analog telefonline og opp til 50 mbs.

Prosjektleiar

I juni i år vedtok Fylkestinget i Oppland ein eigen strategi for breiband. I samband med det, vart det oppretta ei prosjektleiarstilling over tre år. Også kommunane har sett av midlar til utfordringane, i møte med utbyggingsbehov også der det ikkje er kommersielt lønnsamt for breiband.

I førre regionrådsmøte 1. desember vedtok også regionrådet å organisere arbeidet med ei styringsgruppe, sett saman av ordførarar og rådmenn frå regionen, samt MGNF.

– Strategien må gruppa «kna» saman, men at det må bli spleiselagsmodeller er opplagt, seier ordførar i Sør-Fron, Ole T. Muriteigen, og seier målet er å få så god uttelling som råd på søknaden om NKOM-midlar til vårs.

– Fylkeskommunen deltek i regionrådet, og deira prosjektmedarbeidar blir ein viktig samarbeidspartnar, seier Muriteigen.

Som straum

Han var seinast denne veka i møte om betre nett til reiselivsbedriftene i Espedalen.

– Dei har ei for dårleg løysing og vi håpar å få på plass nytt utstyr, som kan betre nettet merkbart. Målet er fiber, men det er nok lenger fram, seier Muriteigen.

Dagleg leiar i MGNF, Frank A. Mathiesen, meiner undersøkinga viser at utbygging av breiband burde vera like viktig nå, som strøm, den gong det var det store nasjonaltiltaket.

– Det blir fort et A og B-lag, når ikkje alle kan konkurrere på same vilkår, seier han.

Han trur ikkje styresmaktene skjønnar alvoret.

– Med ein kostnad på fleire hundre tusen for å legge fiber til et gardsbruk, kjem ein ikke langt med nokre millioner på statsbudsjettet, seier han.

Heime må Marita og familien sjonglere mellom wifi frå radiolink og 4G utan å dekke heile nettbehovet. Foto: Guro Vollen