Neste veke delast Verdiskapingsprisen ut. Ein pris og ei markering som sidan 2005 har vore ein viktig del av årshjulet til næringsforeninga.

– Vi er nødt til å heie på kvarandre, i heile Gudbrandsdalen. Det er ikkje det same som å vera sjølvgode, men heller ein måte å lyfte kvarandre opp på. Denne prisen er med på å synliggjere kor mykje godt næringsliv vi har rundt oss, seier styreleiar i Midt-Gudbrandsdal næringsforening, Kjetil Høye Sviland.

Viktig med møteplassar

Prisutdelinga og arrangementet på Rudi gard neste veke, er ein fin måte å oppsummere året på, meiner han og dagleg leiar Frank Mathisen.

Samstundes som det er ein verdi i seg sjøl at næringsaktørar får ein anledning til å samlast.

– Møteplassar er viktig. Her kan vi få tips og innspel. Vi ønskjer også at dette skal vere ein dag der ein kan finne inspirasjon og få innputt, ja, litt påfyll i kvardagen. Vi har fått signal frå medlemmane våre på at dette er viktig, seier Sviland.

Sjå heile Gudbrandsdalen

– Kva er det som har vore dei viktigsate arbeidsoppgåvene i 2017?

– Det er ingen tvil om at vi har hatt mykje fokus på veg-saka. Å få fullført E6 gjennom heile Gudbrandsdalen vil vere særs viktig for næringslivet og regionen sett under eitt. Det var vesentleg for oss å kaste oss rundt da Nasjonal transportplan vart lagt fram. Sidan da har vi jobba inn mot fleire kanalar, for å få fokus på kor vesentleg dette er for oss, seier Mathisen.

– Og korleis står denne saka nå, inn i eit nytt år?

– Nå ser det ikkje så svart ut. Solvik-Olsen har gitt signal om at han vil sjå på saka på nytt. Men kostnadane må heilt klart ned. Vi har også involvert oss i E6-debatten i Lillehammer, fordi det er så viktig å sjå dette som ein heilskap. Nå skal vi fokusere på å dra dette vidare i saman, slår Mathisen fast.

Modige tankar

Mathisen og Sviland brenn for heile Gudbrandsdalen.

– Namnet Gudbrandsdalen er underkommunisert. Nå går vi inn i ei tid der det blir enda vikigare å markere seg. Det handlar om å ta ein posisjon, med Lillehammer som innang til dalen, saman med kommunene i Midt- og Nord-Gudbrandsdalen, seier Sviland.

Å sette fokus på ei meir lik arbeidsgjevaravgift mellom nord- og midtdalen, er ei viktig arbeidsoppgåve inn i 2018.

– Generelt skal vi jobbe med å skape betre rammevilkår for bedriftene i Midtdalen. Vi skal spele ei aktiv rolle mot politikarane, hjelpe den enkelte med praktiske utfordringar, og kunne bistå med marknadstilgang, fortel Mathisen.

Ein engasjert styreleiar meiner det er viktig å ha visjonar.

– Kan det vere mogleg å bruke heile området vårt, utan å nytte bil? Det ville bety mykje for næringslivet om vi kunne fått på plass eit system for transport mellom sentrum og destinasjonar.

– Modige tankar!

– Ja, men det vil vere eit nybrotsarbeid, som verkeleg kan gje oss ein posisjon, seier Sviland.

- Eg har også ofte tenkt det sjølv når eg er ute på arrangement, atdet kunne vore fint å ha eit type kollektivt tilbod. Slik at ikkje alle treng å vere avhengig av bilen alltid. Dette er noko både lokale og tilreisande kan kome til å nyte godt at, legg Mathisen til og næringsforeningas visjonar for framtida.

Næringsforeninga meiner det er viktig å dedle tankar og idéar, og at næringsaktørar får påfyll i kvardagen. Foto: Tone Sidsel Sanden