Dei siste åra har Gudbrandsdal Energi, eigd av kommunane i Midtdalen og Øyer kommune, bygd ut breiband for 100 millionar kroner, neste år blir det 30 millionar.

– Av dei 100 er 52 millionar kroner investert i fjor og inneverande år, seier Per Oluf Solbraa, viseadministrerande direktør i GE Holding.

Eigne folk

GE har rekruttert kompetanse på området, og har nå planingeniør Øyvind Kalvøy og prosjektingeniør Marius Røed Sveipe spesifikt på planlegginga av breibandarbeidet. To faste fibermontørar er også tilsett, i tillegg til at vanlege nettmontørar er med ute.

– Det er viktig for oss som kompetansebedrift å ha kunnskapen, sjølv om mykje av monteringa ute til kundar også blir gjort av våre underleverandørar, seier Solbraa.

Spenne bogen

Trass innsatsen dei siste åra, er det likevel att eit stykke til den nasjonale målsettinga på 90 prosents dekning innan 2020.

– Den nasjonale målsettinga er ei politisk nøtt, sidan våre område er grisgrendte og dyre å bygge ut, seier Solbraa.

GE byggjer ut breiband på oppdrag frå Eidsiva Bredbånd (EB). I følge administrerande direktør Trond Skjellerud i EB burde bogen vore spent ennå høgre.

– Eg meiner jo det går an å setje seg tilsvarande mål som var gjort da straumnettet vart bygd ut, at alle fastbuande skulle ha, seier han.

Tid og pengar

To ting har endra seg sidan straumutbygginga. Det eine er tidsperspektivet; med straumframføring var det godteke at utbygginga kunne ta 20-30 år. Det andre er at det den gongen var klart at ikkje alt skulle vera bedriftsøkonomisk lønsamme investeringar.

– Dei siste 3-4 prosenta opp mot 100 prosent i Gudbrandsdalen kan potensielt få ein investeringskostnad på opp mot 3-400 000 kroner per husstand, seier Skjellerud.

Også dei siste opp mot 80-90 prosents dekning vil fort få utbyggingskostnadar på 60-70 000 per husstand.

– Men teknisk mogleg er det, seier han.

Gjera innlandet betre

Han vil ikkje vera med på at engasjementet for slike hårete mål i breibandframføringa botnar i eit ønskje om statlege utbyggingsmidlar til Eidsiva.

– Dette handlar ikkje om å freiste å skaffe fordelar for eige selskap, tvert om handlar det om eit engasjement fordi eg veit kor håplaus situasjon mange har, med altfor dårleg dekning, seier han.

Skjellerud meiner Eidsiva kunne konsentrert seg om meir lønsame marknader omkring mjøsbyane, dersom målet var meire kroner.

– Det som motiverer meg er å vera med på å gjera Innlandet betre, seier han.

Nasjonalt mål

Det nasjonale målet som er sett er at 90 prosent av innbyggjarane i Norge skal ha 100 mbs innan 2020.

– Som nasjon vil vi nå nitti prosent, allereie nå er Oslo heilt oppi 99.9, seier han, men meiner at sjøl med 90 prosent dekning på landsbasis kan nås sjøl om Hedmark og Oppland, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane bli liggande rundt 70.

– Eg meiner vi må ned på fylkesnivå med 90-prosentsambisjonen om vi skal få god dekning over alt i Innlandet, seier han.

Han trur eit spleiselag må til.

– Staten, fylkeskommunane og kommunane må stille med sin del. Breibandsselskapet, her samarbeidet mellom GE og EB, må ta sin del og den enkelte abonnent kan også bidra, til dømes gjennom dugnadsarbeid.

– Det skal i alle fall ikkje stå på Eidsiva og GE, seier Skjellerud.

Smått, men med god plass; teoretisk kan absolutt all nettrafikk sendast gjennom èit slik fiberstrå. Teknologien på båe sider avgjer, og lommeboka. Alle foto: guro vollen Foto: Guro Vollen
Breibandsatsinga til Gudbrandsdal energi krev kompetanse, og planlegging og prosjektering teke i vare av f.v. Øyvind Kalvøy og Marius R. Sveipe. I midten Per Oluf Solbraa. Foto: Guro Vollen