Nina og Øystein Rudi på Rudi gard tek sats med eit nytt prosjekt på garden, med oppsettinga av stabbur med overnatting. Og kanskje eit spelmannstårn.

Lengdeopphald

Stabbura har stått på ein gard rett oppi høgget, og har vore lagra med tanke på seinare bruk. Tomta er klar, og når oppattømring og innreiing er ferdig, skal det bli plass til fire soverom med bad og kjøkken.

– Før har vi innlosjert artistar på gjesterom og barnerom - og det blir nok litt tett, både for oss og særleg for artistane, seier dei.

Og tanken er at betre moglegheiter til å bli verande på Rudi lenger, vil resultere i noko meir.

– Det blir for det fyrste litt lettare å spørja gode folk om å koma. Til nå har dei kome på trass av romma, seier Øystein.

Han håpar det kan opne for at folk brukar låven som øvingslokale før turnear, kanskje dei vil gjera opptak her - moglegheitene er mange.

Backstagetårn

Og etter at planene med stabbura vart kjent, har responsen vore så overveldande og positiv at ennå ein ide spratt opp av hatten.

– Vi har snakka om ein «silokum» før, som ein slags samanbindar av etasjane i låven, og dette tårnet teikna eg på ti minutt oppå teikninga til arkitekten her om kvelden, seier Øystein.

Det skal praktisk huse plass til bord, stolar, sceneutstyr og piano. Og samband mellom etasjane, men det er meir.

– Det blir jo eit tårn, og da blir det nok eit av dei tøffaste backstagetårna i verda, smiler han.

Det har nemleg mangla eit opphaldsrom for artistane bak scena. Det skulle nå vera i boks med toppetasjen i det åttekanta tårnet.

Ein plass dei sjøl ville like

Historia om kulturgarden er eigentleg historia om at dei to ville lage ein stad dei kunne tenkt seg å besøkt sjølve.

– Det var grunntanken. Og det inneber mellom anna at det alltid skal vera ope her etter konsertar. Møter ein vener skal ein kunne setje seg før og etter konserten og ha det triveleg, seier Nina.

Og det har slått an. Ikkje berre kjem store namn til scena på Rudilåven, men dei kjem att gong etter gong. Og likeeins med publikum.

– Vi har så trufaste gjester, som kjem att gong på gong. Det er stort å høyre folk som har hytte i området seie at dei legg opp kva helger dei er på hytta, etter vårt program, seier ho.

Marknad

I helga var det ellers duka for den årlege julemarknaden på Rudi. Så populær har marknaden vorte, at utstillarane i år fylte både fjos og låve, medan publikum kom og sto til dels i kø.

Bakarvarer, julemat, godsaker til heilårsbruk og julenek til fuglane. I tillegg eit stort utval av brukskunst og håndarbeid.

– Vi har ein ny vri i år, med utstillarar både oppe og nede, og plass til kafebord i midten oppe, seier vertskapet.

Sliper seg til

Julemarknaden var det siste av 19 arrangement på det trykte 2017-programmet. Namn som Bjørn Eidsvåg, Stein Torleif Bjella og Frida Ånnevik var på plakaten i år, og i tillegg spratt ein ny festival opp og fekk sin del av arrangementa på Rudi, med Gudbrandsdal musikkfest.

– Utviklinga er for vår eigen del og, for at det skal vera spennande å drive med, seier Øystein, før Nina supplerer.

– Og å ta eit steg av gongen. Når ein må vente for å setje planene ut i livet, får ein slipt til ideane og ser kva som funkar, seier ho.

Med eit åttekanta «spelmannstårn» skal både høge tankar og praktiske funksjonar få rom. Øystein sine blå strekar på arkitekt Christian Schau si originalteikning av låven frå 2008.
Fleire hundre tok turen på årets julemarknad. Foto: Guro Vollen