Tysdag førre veke hadde Ringebu kommune oppstartmøte med Bergene Holm eiendom, som ønskjer å utvikle den gamle sagtomta i Ringebu.

Bygger i høgda

Skisseforslaget, der det mest oppsiktsvekkjande er eit høghus, blir lagt fram for formannskapet i mars.

– Vi hadde kanskje venta at det kunne bli litt motstand når vi kjem med forslag om eit høghus på kanskje 12 etasjer, men vi møter ei positiv haldning, og det er moro, seier Morten Riis-Gjertsen i Bergene Holm eiendom.

Arne Fossmo og næringssjefFrode Martinsen er spent på reaksjonane frå innbyggjarane til høghusplanen, og understrekar at det er langt fram til ei eventuell realitetsbehandling av 12-etasjesbygg i Tollmoen.

– Ideskissa er sendt ut nå, og vi må sjølvsagt ha ei heilskapleg vurdering på dette, men det er jo spreke tankar, og om det i tillegg er i tre, vil det jo bli eit signalbygg, seier Fossmo.

Startar i sør

Bergene Holm vil i følge Riis- Gjertsen lage plan for områderegulering fyrst, og så eventuelt detaljregulere mindre område etter kvart.

– Det er ikkje på plass ny arealplan for kommunen, men vi har fått signal om at våre planer samsvarer med dei planforslaga som ligg føre, seier han.

– Kan det bli stilt rekkefølgekrav til planen frå Bane Nor, om at det må planfritt kryss over jernbana før ny bustadbygging?

– Planen vår er å få ei fyrstegongsbehandling av ei områdeplan i kommunestyret før sommaren, slik at det kan bli lagt til høyring. Da vil vi få informasjon om eventuelle motsegner og rekkefølgekrav, seier Riis-Gjertsen.

Detaljregulering vil eventuelt koma seinare, med byggesteg ein i området som ligg lengst mot Våla.

– Vi meiner bygging der ikkje vil gje auka trafikk over den omstridte planovergangen, sidan det er like kort avstand til sentrum andre vegen, seier han.

– Kvifor høghus?

– Vi ønskjer å vera med å utvikle Ringebu, og når E6 ein gong kjem, anten det blir i tunnel eller forbi, kan det vera lurt med eit blikkfang for at Ringebu skal synast, seier han.

Må rive mykje

Bergene Holm har store areal med bygg på eigedommen, der noko blir ståande, medan andre bygg skal rivast.

– Vi har hatt ein teknisk gjennomgang av bygga, og riv mykje. Til dømes paraplytaket på 3000 kvadratmeter, som står i vegen for planane, seier han.

Kranlagerhallen vil bli ståande, og ein ser for seg å ta att linene frå takbogen og fargen i den solsvidde veggpanelen i utforing av bygga.

Trur på marknaden

– Er det nok folk, planane opnar for 100 einheiter totalt?

– Det er vanskeleg for oss å sjå kva som er etterspurnaden i Ringebu, om det er 10-20-30 einheiter. Men Ringebu har ei bra beliggenheit, og vi ønskjer å bidra til å auke den attraktiviteten, seier Riis-Gjertsen.

Han peikar også på den stor utbygginga i Kvitfjell og på Venabygdsfjellet.

– Vi tenkjer at ikkje alle vil ha hytte på fjellet, seier han.

Frode Martinsen stadfester at det allereie er fritidsbustader i Ringebu sentrum, og ser ikkje problem med ei slik regulering.

Arne Fossmo meiner også at det vil vera positivt om det blir rom for både leilegheiter til fastbuande, utleige og fritidsbustader.

– Det blir også skapt ein marknad ved bygging, vi ønskjer jo at det skal flytte folk hit, seier Martinsen.

Denne hallen er ein del av eigedommen til Bergene Holm, og skal bevarast. – Kan gje moglegheiter for litt av kvart, meiner Arne Fossmo og Frode Martinsen. Foto: Guro Vollen
Foto: Guro Vollen