Han er nytilsett prosjektleiar, med ansvar for det overordna arbeidet med utvikling av området Ringebu stavkyrkje og prestegarden.

Historia samlar staden

Eit blikk bak i historia til kyrkja og prestegardane syner både folkeopplysning om nyttevekster og rike kunstskattar. Slik sett ser den nye prosjektleiaren historia som ein samlande faktor for det store tematiske spennet som stavkyrkja og prestegarden rommar i dag. Med prosjektleiaren som ein slags moderne potetprest for ei samla kunst- og kulturformidling.

– Eg trur stillinga må handle om å nå målet om at dette skal opplevast som èin stad å koma til, seier Slettemeås.

God drift på mange plan

Komplekst eller komplisert er kanskje dekkjande for arbeidet med å sy saman utviklinga av eit såpass stort område, både i arealutstrekning og tematisk.

– Det er ikkje ei ulempe med så mange aktørar som det er her, men det er jo kompliserande, seier prosjektleiaren.

Alle dei direkte involverte interessentane skal samarbeide og møtast på ulike behov og ønskje.

I tillegg er det også undergrupper og aktørar underordna interessentane att.

– Det er inspirerande at det er rom for så pass uavhengige miljø og lag som hagegruppa og barnehageutstillingane, som er drive på ein så god måte på eigenhand, seier han.

Eivind Slettemeås har sidan han starta etter jul, lagt vekt på å bruke tida på møte med dei ulike interessentane i prosjektet, for å få eit bilete av dei tankane dei enkelte har.

Komplekst

Han vedgår at fyrsteinntykket av dei omfangsrike planane som ligg i forprosjektet, var at dei er uoverkommelege for eit treårig prosjekt.

– Ettersom eg undersøkte og fann meir ut av det, ser eg at mykje er veldig godt drive allereie, seier han.

– Måten prestegarden er drive sommarstid, har eit omfang få kan skjøne er basert på frivillig arbeid, meiner Slettemeås.

Profesjonalisering

Det er også eit av dei viktigaste punkta frå forprosjektet; profesjonaliteten må koma inn for å supplere frivilligheita. Prosjektstillinga er slik sett fyrste steg på vegen, og leiar for stiftinga Ringebu prestegard, Einar Høystad, er veldig glad for det.

– Det er veldig sårbart å basere drifta på frivilligheit, når ein veit at dei fleste av oss er over 75 år. Å få i alle fall ei deltidsstilling inn har vore målet vårt i ti år, seier han.

Rammeverket for eit systematisk arbeid med langsiktig kunstnarisk profil, ambisjonar for staden og samarbeid mellom aktørane, er slik som Eivind skal arbeide for å få på plass. Potensialet i området ligg her, meiner han.

– Det er viktig å ta ein aktiv rolle i alt arbeid som har med utvikling av Prestegarden å gjera, og komme stiftinga og dei andre møte og sjå kva behov det er for profesjonalisering og drift, sjølv om eg ikkje er tilsett i ein driftsstilling, seier Eivind.

Stiftinga Ringebu prestegard med leiar Einar Høystad er ein sentral aktør i arbeidet med utvikling av området. Foto: Guro Vollen