Innlandet revisjon meiner at kommunen har lagt til grunn feil forståing av habilitetsreglementet i forvaltningsloven.

Kan ikkje legge til rette

Saken var oppe til behandling i kontrollutvalet tysdag denne veka, og kontrollutvalet slutta seg til vurderingane som er gjort i notatet frå Innlandet revisjon.

Der går det fram at saksbehandlar var inhabil på grunn av eigne eigedommar. Dermed skulle vedkommande ikkje vore saksbehandlar på nokon av behandlingane frå juni til september. Etter september står administrasjonssjefen sjøl som saksbehandlar.

Det følgjer av forvaltningslova at habilitetsreglane gjeld både for å leggje til rette for avgjerder, og å ta avgjerder.

Gjeld også «grovsortering»

Sjølv om administrasjonssjefen vurderer saksbehandlaren som inhabil når det gjeld dennes eigedommar, vart det vurdert slik at inhabilitet fyrst ville bli utløyst etter den fyrste grovsorteringa av eigedommar og innspel.

– Ein rein teknisk gjennomgang, opp mot kriteria allereie sett i samfunnsdelen av kommuneplan, meiner administrasjonssjefen i svar til IR.

– Spørsmålet er om det er rett forståing av regelverket, spør forvaltningsrevisorane, og konkluderer med eit tydeleg nei.

Burde vore vurdert inhabil

Konklusjonen er at saksbehandlaren burde vore vurdert inhabil også i den innleiande handsaminga av arealdelen av kommuneplan, fordi det her vart gjort vedtak om kor vidt innspel om endring i planen, skulle avvisast eller bli med vidare.

Tre område vart med vidare, og her inngår eigedommar som tilhøyrer sakshandsamaren.

– Det at eigedommane ville kunne endre arealkategori kan innebera «særleg fordel, tap eller ulempe» for vedkommande, heiter det i revisjonsnotatet.

Må sjekke gyldigheit

KUV ber kommunestyret vurdera om vedtak knytt til kommuneplanas arealdel er gyldige eller ikkje.

Bakgrunnen er at dersom ein inhabil har delteke i førebuingar eller avgjerd i ein sak, er dette saksbehandlingsfeil som kan gjera gjeldande vedtak ugyldig. KUV viser også til ei føresegn i forvaltningsloven som seier at vedtak der det ligg føre saksbehandlingsfeil, likevel er «gyldig når det er grunn til å rekne med at feilen ikkje har hatt bestemmande verknad for innhaldet i vedtaket».

Til kommunestyret

Administrasjonssjef Arne Sandbu i Nord-Fron var kjent med notatet fra Innlandet revisjon i forkant av møte i KV tysdag, men sat tysdag i møte på Gjøvik og hadde ikkje høve til å gå inn i vedtaket frå utvalet.

– Mine kommentarar til saken vil bli gjort i samband med at saken frå KUV blir lagt fram for kommunestyret, skriv han i ein epost.

Han legg til at det er intensjonen at saken kjem til fyrste ordinære komunestyremøte, den 22. februar.

Har starta arbeid

Habilitetssaken som vart behandla av kontrollutvalet tysdag, er den andre utvalet I Nord-Fron har behandla på under eit år. I juli i fjor konkluderte KUV med at habilitetsføresegnene ikkje var følgd, i samband med tilsetting av rektor på Vinstra ungdomsskule. I etterkant av denne saka er det sett i gang ei rullering av ulike personalpolitiske dokument.

– Der skal vi mellom anna lage eit register knytt til inhabilitet i aktuelle saker, og personalsjef har starta dette arbeidet, skriv Sandbu.

Aktuelle saker frå siste år er med i dette arbeidet, og det er sett ned ei arbeidsguppe som skal revidere fleire arbeidspolitiske dokument.

Notat: Birgitte Bue Mathisen og Reidun Grefsrud frå Innlandet revisjon IKS deltok på behandlinga av habilitetssaken. Foto: Guro Vollen