I høve at Fron lasskjørarlag reiser i veg til Rørosmartnan på gamlemåten, arrangerer Sødorptunet ein "avreisemartna". Hestar og sleder er på plass, og ved bålpanna kan du få i deg både sveler og kål, og du hæler og har kledt deg godt.

Til Tyskland

Eller vaflar og kaffe frå sjuande klasse ved Sødorp skule.

- Vi skal samle inn pengar til tysklandsturen i vår, forel Ola, Simon, Torje og Jenny.

Snart har dei fått inn 90 000 kroner, kan dei fortelje, og da har dei nok. Vel og merke har dei seld kaker, kjeks og dopapir også, da.

Trond Leet frå Tynset har vore med og reist til Rørosmartnan med hest i 25 år, utan opphald. Kvar starten har gått, har variert. Vinstra er startpunkt i år, med tur innom heime for bytte av slede og hest, moglegvis.

- Hesten løkkegutt er med for fyrste gong, men skal greie seg bra, meiner Leet.

Fron lasskjørerlag har ti dagar framfor seg i sleden, før dei når Røros og martnan der. Der leiger dei ein heil bakgard, og har med seg varer til sals.

Marita Aanekre er med til Røros, om ikkje med slede heile vegen, der ho skal styre bakgarden og fortelje om Gudbrandsdalen og underhalde på sedvanleg Aanekrebudeia-vis. Toraderene er naturlegvis med.