Nord-Fron kommune v/ utval for landbruks-, utmarks- og miljøsaker og Sør-Fron kommune v/ formannskapet har vedteke å leggje ut forslag til forskrift om ferdselsforbod mot sykling på landbruksveg i Frydalen, frå Fløtardammen i Sør-Fron til Per Gynt seterveg i Nord-Fron.

Villreinvern

Forslaget inneber at det blir etablert eit ferdselsforbod mot sykling på og langsmed landbruksveg i Frydalen, frå Fløtardammen i Sør-Fron kommune til Per Gynt seterveg i Nord-Fron kommune. Føremålet med forskrifta er å avgrense konflikten som sykling kan medføre i møte med villreinstamma i Rondane sør. Villreinutvalet for Rondane Nord, meiner gjennomgangsveg i området ikkje bør tillates.

Ønske frå landbruket

Føremålet med den nye vegen er å lette tilsyn og sanking av beitedyr, samt auke aktiviteten i skogbruket. Landbruksnæringa påpeiker at den vil samla sett ha stor fordel av ein slik landbruksveg.

«Alternativ transportrute langs veg i dag er fram i bygda, og så køyre dalen mellom Hundorp og Sødorp, for så å køyre innover setervegen igjen. Dette er en strekning på om lag 50 kilometer. Ved realisering av ny veg vil dette naturleg nok gi ein betydeleg rasjonaliseringsgevinst for landbruksnæringa», heiter det i uttala frå dei to fronskommunane.

Lov å trille sykkel

Administrasjonen i Nord-Fron og Sør-Fron har avklart med Fylkesmannen i Oppland at det er mogleg å etablere ferdselsforbud mot sykling i eige lokal forskrift. Samtykkerklæring er også gitt frå alle involverte grunneigarar. Vegen blir kun for landbruksrelatert transport, samt ridende. Rådmann i Sør-Fron, Jan Reinert Rasmussen, sett som føresetnad at ferdselsforbod mot sykling ikkje omfattar trilling av sykkel.