Stiftinga G-kultur har som føremål å gje støtte til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen.

Til fristen gjekk ut 1..februar, kom det inn 24 søknader om prosjekttilskot. På styremøtet vedtok stiftinga å gje 13 av desse tilskot.

G-kultur startar forøvrig nå opp eit skriveprosjekt, der dei ønskjer å engasjere skribentar og forfattarar i alderen 16-30 år, med tilknyting til Gudbrandsdalen.

I 2020 skal stiftinga avviklast - 100 år etter at Gudbrandsdalslaget i Oslo vart oppretta.

Desse fekk tilskot:

Jon Iver Myren og Johnny Vaet Nordskog: 15.000 kr til Harpefoss Hardcorefestival i september 2018.

Diktardagar: 15.000 kr til Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå 30.8.-2.9. 2018.

Gudbrandsdalsmusea: 5.000 kr til ferdiggjering av utstilling om Ringebu prestegard, prestane og hagen.

Plateselskapet ta:lik: 5.000 kr til produksjon av CD med arkivopptak frå Fron.

Lomsrussen: 7.000 kr til Russerevy i mars 2018.

Vågå Trekkspelklubb: 5.000 kr til toradarkurs for nybyrjarar i alle aldrar.

Mari Brenna: 5.000 kr til «På scena i Utgard i Lundagrende», konsertar 2018.

Lom folkebibliotek: 10.000 kr til «Klar ein klassikar», 25 beste norske 2013-2017, formidlingsprosjekt 2018.

Øykjelykkjesetra, Simen Skoe: 5.000 kr til konsertserie sumaren 2018.

Øyer og Tretten Historielag: 10.000 kr til seterbok for Øyer, med hovedvekt på 1900-talet (øyremerka tilskot).

O.M. Sandvik: 8.000 kr til nytrykk og markering av at det er 100 år sidan boka Gudbrandsdalsjubileum «Folkemusikk i Gudbrandsdalen» kom ut.

Vågå Husflidslag: 5.000 kr til kurs for barn og unge m.m. i samband med Håndverk+ 7.-10.6. 2018.

Dovrefestivalen: 5.000 kr til konsert på Fredheim eldresenter 29.12. 2018.

Øykjelykkjesetra på Sødorpfjellet får også støtte til arranagement inneverande år. Foto: Tor Larsen