For det var tide å sleppe andre krefter til i leiarrolla nå, meiner Marit. 18 år, der ho har vore dedikert til Senioruniversitetet, var nok.

– Eg har hatt nokre fantastisk, fine år med dette vervet, der eg fekk vera med heilt frå starten. Men det er også ein jobb eg har hatt i bakhovudet heile tida, så difor skal det bli godt nå å gje leiaroppgåva vidare til Gerd Hestnes, seier ho.

– Fortel litt om Senioruniversitetet. Kva er det eigentleg for noko?

– For vår del starta det attende i 2005. Ein kollega ved Sør-Fron ungdomsskule spurte meg om eg ville starte Senioruniveristet. Eg undersøkte litt, og fann ut at dette kom frå ein professor i Frankrike, Pierre Vella, som arbeidde ut i frå tanken om at også eldre ønskjer å lære meir. Konklusjonen til Vella var at pensjonistar tørstar etter å fortsette med å lære nytt.

– Og dette var noko du ville arbeide med?

– Ja, ballen tok til å rulle da. Eg meiner at sjølv om ein blir pensjonist, treng ein å halde seg i form både fysisk og mentalt. Det er viktig å trene hjernen også. Eg fekk med meg Arnhild Skurdal, og gjekk inn i samarbeid med Opus, eller Karrieresenteret, som det heiter i dag. Så sette vi i gang.

– Kva har vore univeristetet sine viktigaste oppgåver desse åra?

– Poenget er at dette skal vere eit tilbod der ein lærer noko, anten om eit nytt tema, eller eit område ein ønskjer å vite meir om. Og så er det ikkje noko krav om formell utdanning eller bakgrunn, på Senioruniversitetet sine treff kan alle vera med. Vi har hatt åtte møte gjennom året, med ulike foredrag. Så er det kaffe og prat etter på.

– Fortel litt om foredraga du har vore med å lagt til rette for.

– Vi harhatt så mange interessante foredragshaldarar, og tema i alt frå HC Andersen og lov og rett, til mat og språk.

– Og møter midtdølane opp på desse arrangementa?

– Ja, det er enorm interesse! På fyrste møtet vårt i 2005 kom det 30 personer. På siste, da Arne Brimi var gjest, kom det 100 personar! Senioruniversitetet har i dag omlag 100 medlemmar.

– Og kva er ditt favorittfelt, som du som pensjonist vil lære meir om?

– Eg er veldig oppteke av språk, og synes det er så interessant å lære om korleis språket vårt har utvikla seg. Eg har ein skikkeleg uvane med å sitte å rette på språket når eg ser på TV.

– Kvifor meiner du at eit godt senioruniversitet er viktig?

– For oss har det vore viktig å ha kvalitet. Treffa våre skal ikkje berre vere kaffe og kos, men noko å strekke seg etter. Eg trur det er bra for «huggu» rett og slett, å lære noko.

– Men sosialt er det vel også å treffast slik?

– Absolutt. Det har gitt meg mykje sosialt. Og så har vi alltid éin felles tur i året. Vi har vore på operaen i Oslo og på Trøndelag teater, mellom anna. Dette er turar som er svært populære.

– Så du har hatt gode år som styereleiar, Marit?

– Ja, og det har gjort at eg har vore skjerpa og systematisk. Det er mykje «huksot» med å ha leiarverv, men ein får god trening i å hugse. Det er også utviklande å vera saman med andre. Så må eg også seie at styret i Senioruniveristetet har vore heilt fenomenale.

– Korleis skal så Marit halde seg mentalt i form framover?

– Eg har alltid mål om å lese meir, men eg må innrømme at eg er vorte litt lat. Elles har eg fem barnebarn som eg likar å følge med på. Den eine er faktisk veldig glad i språk. Det tykkjer eg er artig!