Sak om utbygging av Marienhø bustadområde kom onsdag attende til politisk behandling i Ringebu kommune.

Via Gausdal

Runda med saksutgreiing har gått i Gausdal. Rådmann Rannveig Mogren har hatt rådmannsansvaret, og møtte saman med to saksbehandlarar i Ringebu onsdag. Innstillinga til UPT var at Ringebu kommune startar opp prosessen med reguleringsendring av reguleringsplanen for Marienhø.

Må kommunen ta arbeidet?

Jostein Tromsnes (Sp) stilte spørsmål til om det er ei sjølvfølge at kommunen skal regulere opp att området.

– Det er kanskje naturleg, i og med håndteringa til kommunen i denne saken, men i andre saker er det vel vanleg at utbygger står dette, når deira eigne planer er i strid med dei gjeldande planane, spør Tromsnes.

Arealplanelegger Rigmor Myhre frå Gausdal gjorde greie for sakshandsaminga.

– Vi har vel sett det slik at kommunen gjennom bulystprosjektet tok initiativ til salet, med ønske om noko anna på tomta enn det reguleringsplanen opnar for. Da er det naturleg at kommunen skal vera tiltakshaver i planprosessen. At ein står i det og får det i orden, seier Myhre.

Plan mistar meining

Audun Amundsen (H) tok til orde for at det kunne vera to alternativ til løysing i saken.

– Slik eg skjønar det, går det innafor gjeldande plan an å opne for tomannsbolig, og da bli spørsmålet om vi skal halde på det vi meinte med området, eller skal vi legge oss flate og følge marknaden, seier Amundsen.

Han opna for at ein politisk burde diskutere om marknadskreftene skal styre.

– Det blir litt slik at planane våre mistar meining, om vi endrar dei etter etterspurnaden, sjøl om eg kanskje skal vera talsmann for nettopp marknadskreftene, seier høgrerepresentanten.

Gå på gummisåler

Ordførar Arne Fossmo møtte også på UPT- møtet onsdag. Han tok til orde for å vera audmjuk i denne saken.

– I og med at kommunen kom skeivt ut på hoppkanten, og har jobba litt uryddig, bør vi gå på gummisåler. Her er det gjort veldig gode vurderingar frå settekommunen. Vi bør vera audmjuke og ta jobben med å få denne planen på plass, seier ordføraren.

– Skulle vore gjort før

Utbygger Marienhø eiendom kjøpte eigedommen i 2015, og snart tre år etter kjøpet må dei vente ytterlegare. Dei ønskjer å bygge seks leilegheiter på tomtene.

– Dette skulle sjølvsagt kommunen gjort før, dei kan ikkje gå ut og seie dei ønskjer fortetting, når ikkje reguleringsplanane opnar for det, seier Roger Melgårdshagen etter møtet i UPT onsdag. Han eig utbyggingsselskapet saman med Jon Magne Lundbakken.

Dei har vore forespeila at tiltaket deira kunne bli godkjent med dispensasjon frå gjeldande plan. Det ligg ikkje til grunn i utgreiinga frå setterådmannen.

Utvalsleiar Amund Sønsteli erklærte seg inhabil, sidan han er onkel til den eine av utbyggjararne bak planane på Marienhø. Frode Myrvang tok over leiinga av saken. Foto: Guro Vollen