Jon Selfors dreiv Vertshuset Sinclair i meir enn ein mannsalder, og skapte ein serveringsstad som vart ein landskjent institusjon langs landevegen.

Ein institusjon i bygda

Vertshuset var frå starten, både gjennom namnet og utstillingane, sentrert rundt historia om skottetoget i 1612. Selfors er særs histiorieinteressert, og han har vore nøye med å dokumentere historia til serveringsstaden. Dokumenter, bilder, brev og avisklypp fortel om utviklinga, om oppturar, nedturar,  om vanvittige episoder og om bygdefolk, ansatte,  kjendiser og kjeltringer som alle har bidrege til ei fargerik og unik vertshushistorie.

Unikt kjeldemateriale

Nå når Selfors sjølv ikkje er involvert i drifta bestemte han seg for å overlate kjeldematerialet og dokumentasjonen til Kvamsbygda. Som han sjølv seier så tilhøyrer historia bygda. Kvam historiske forening fekk overrekt fleire ringpermar som fortel om utviklinga til det spesielle vertshuset. Noko av stoffet vart publisert i biografien om Selfors, som vart ført i pennen av Geir Neverdal. Andre ting er upublisert, og vil bidra til at det framover fortsatt vil komme fleire kapittel i  "Soga om Sinclair".