Det har han for så vidt hatt lenge - heilt sidan han fekk to hanar som ti-åring, har fjørkre vore ein del av tilværet, og ei sikker kjelde til lommepengar.

– Nå var det låkt med egg frå dei to hanane da, og vi hadde akkurat bestilt høner, før hanane vart teke av reven, fortel han.

Albert

Men med åtte høner var produksjonen i gang, og sidan har han hatt så mange som 70 høner på ein gong. Akkurat nå har han tjue som legg egg, og 24 lovande unghøner som kom til gards førre veka.

– Dei skal nok til å legge når som helst, seier han.

Hane har han ikkje lenger - til den jobben er det nemleg ikkje mange som kan duge.

– Dei fyrste åra hadde eg hanen Albert, og han var kjempeflink til å passe hønene, finne mat til dei og fekk dei inn om kvelden. Men han vart litt for flink etter kvart, og tok til å jage unna oss også, fortel han.

Det vart slutten for Albert.

Mål til attenårsdagen

Å finne nye flinke hanar har vore forsøkt seinare også, men utan hell.

– Dei er ikkje tøffe nok, så dei har ikkje kustus på gjengen sin, seier Ånund.

Da lyt han passe dei sjølv, og det gjer han gjerne. Såpass innbringande er verksemda at han har som mål at sparekontoen skal vera kraftig nok til å handle ein pickup på 18-årsdagen.

–Akkurat kva slag veit eg ikkje, men eg har så vidt begynt å sjå på det, seier han.

– Det er altså mange som handlar egg av deg, med andre ord?

– Jada, og det var heilt tullete før jul, da trur eg at eg kunne hatt dobbelt så mange høner, enda vi var nok oppe i 45 egg om dagen da, så gjekk det unna, fortel han.

Matleie etter jul

Heilt til 24. desember. Men da var det slutt på etterspurnaden.

– Da trur eg folk var matleie og mette, for da tok det seg ikkje opp att før godt ut på nyåret, ler han.

Før påske merka han også etterspurnaden.

– Det har vore så stor etterspurnad innimellom, at mamma og bestemor har vore nødt til å kjøpe egg på butikken, seier han.

I tillegg til bua som står ved lokalvegen, sel han egg til faste kundar rundt omkring. Også på skulen har han fått omsetnad for egga sine. Sjølv om det ikkje alltid har gått heilt fint på transportetappa.

– Eg var litt uheldig før jul, da eg skulle ha med egg til kontaktlæraren min. Eg hadde bagen liggande i gangen, så da eg opna og skulle finne fram egga var det berre røre ...Heldigvis hadde eg plastpose utanpå, seier han.

Rasjonell drift

Det einaste aberet med eggbedrifta er at han blir litt bunden. Derfor har han mekka til ulike innretningar som gjer at hønene kan få foring og vatning om han ikkje er der eit par-tre dagar.

– Ellers er eg der kvar dag, ein halvtime, som regel, om eg ikkje skal renske eller noko. Da tek det litt lengre tid, forklarar han.

Geiter til fjells

Utanom hønene har Ånund også ein annan gjeng i fjøset. Boergeitene har han tenkt å satse på framover, både i kjøtproduksjon og som landskapspleiarar.

– Det var pappa som starta litt med kashmirgeiter, og så har eg fått tak i boergeiter, som ikkje er så ivrige til å hoppe gjerde. Dei er flinke til å halde ope kulturlandskapet, og er med til seters, fortel han.

Snart blir det altså anna enn egg å få også, frå den unge gardbrukaren i Kvikne.