Den fyrste hendinga var eit snøsørpeskred som losna ovanfor Kvigstadvegen i Øverbygda sundag. Dette tok med seg ein bil med mor og dotter.

Tysdag ettermiddag vart ein eldre mann ført med eit sørpeskred 70–80 meter nedover, rett utanfor huset sitt. Dette skjedde i nærleiken av der bilen vart tatt sundag. Mannen var forslått og lettare skadd, melde politiet.

Eit jordras stengde dessutan fylkesvegen ved Massengdalen tysdag, og Dålåstien ved Hundorp vart stengt sundag på grunn av jordskred. Fleire mindre sørpeskred er også observert.

– Vi tok sørpeskred inn i det generelle varselet vi allereie hadde ute om jordskred, på bakgrunn av hendingane i dykkar område, seier vakthavande ved jordskredvarslinga hjå NVE Mads-Peter Dahl.

Feid vekk: Bilen til Larisa Auglestad fekk hard medfart og ho er glad for at ferda enda i eit tre. Det var ei skremmande hending for ho og dottera Malene (11), som måtte koma seg ut bakdøra etter hendinga. Biletet er teke rett etter raset.

Oppjustert varsel

Han understrekar at det er eit generelt varsel med faregrad to som gjeld over heile austlandsområdet, med unntak av Østfold, der det ikkje er snø.

– Det vil vera variasjonar lokalt, det er opp til dei lokale beredskapsmyndigheitene til å setje i verk eventuelle tiltak, seier Dahl.

Ifølgje Dahl er det ein del faktorar som må vera på plass for at ein får ein situasjon der sørpeskred kan bli utløyst.

– For det fyrste må det vera snø til stades, gjerne ein halvmeter. Terreng sørpeskred blir utløyst i, er typisk ganske flatt, slik som bileta eg har sett frå Midtdalen, seier han.

Det som skjer er at smeltevatn, ofte i kombinasjon med nedbør i form av regn, mettar snølaget.

– Til slutt vil snøen innehalde så mykje vatn, at vi får eit slags «dambrot» inne i snømassane, forklarar han.

Bilete frå Sør-Fron meiner han viste typiske sørpeskred.

Måndag: Sørpeskredet som kom sundag gjekk over Kvigstadvegen tok med store snømengder, i tillegg til å feie ein bil ut av vegen. – Vi hadde flaks i går, sa Larisa Auglestad til Dølen måndag.

Jordskredvarsel

Det generelle varselet for jordskred kjem av at det er mykje vatn i jordsmonnet, samstundes med sterk snøsmelting og høgt grunnvassnivå.

– Jordskredet i Skåbuvegen tysdag er typisk for ein slik situasjon, seier Dahl.

Han understrekar at varselet er på gult nivå, som er nest lågaste farenivå, men at det er ein litt meir ustabil situasjon.

Ifølgje Åge Øverjordet i Sør-Fron kommune har dei vore føre var, med tiltak før påske.

Grøfting

– Vi var ute på dei kommunale vegane i solsida før påske, og gjorde ein stor innsats med grøfting, for å sørgje for at stikkrenner og grøfter var i orden til snøsmeltinga sette i gang, seier han.

Det hjelper likevel ikkje når bekkar og smeltevatn renn utover jorde med mykje snø, slik som tilfellet var sundag. Øverjorder minner om at grunneigarar har ansvar for å halde bekkefar opne.

– Vi har ein beredskap i samarbeid med lokale entreprenørar om å hjelpe til når hendingar oppstår, seier han.

Fleire var i sving sundag kveld, mellom dei Aksel Seielstad, som fekk Bjørkebekken attende i faret sitt, saman med Pål Berg og Ole Kristian Gunstad. Seielstad etterlyser også grøfting av fylkesvegane.

– Det stemmer at eg var her i fjor haust, for å sjå på behov for grøfting, seier Jon Valgeir Svensson, kontrollingeniør frå Statens vegvesen. Han var på synfaring i området måndag, og sa da til Dølen at utfordringa var å få midlar til tiltak.

Utløp: Sørpeskred skjer typisk i slake hellingar, og det må vera ein del snø til stades, i tillegg til vatn, forklarar NVE.