Utdelinga skal skje under opninga av Bjørnsonfestivalen i Molde, 2. september.

– Det er med stor glede vi tildeler Bjørnsonstipendet til Anna Kleiva, ein ung diktar av stort format. Dette er ein forfatter vi gjerne vil høyre meir til og vi håpar stipendet kan bidra til det, seier Trine Stensen, administrerende direktør i Bokhandlerforeningen.

Sidan 1997

Bjørnsonprisen er bokhandlarforeininga sitt forfattarstipend, og var oppretta i samarbeid med Den norske forfatterforening og Bjørnsonfestivalen i 1997. Det er det litterære rådet i forfattarforeininga, som i samarbeid med festivalen og bokhandlarforeininga, utgjer juryen.

– Det er viktig at vi både kan anerkjenna og synleggjera unge forfattarar med Bjørnsonstipendet, seier Rolf Magnus Orø, festivalleiar ved Bjørnsonfestivalen.

– Anna Kleiva er ein spennande poet, som allereie har vorte lagt merke til med sine to diktsamlingar. Vi er difor stolte av å opne Bjørnsonfestivalen ved å dele ut stipendet til henne, seier han.

Autoritet i språkføringa

I grunngjevinga frå juryen står mellom anna: «Poesiens språkarbeid kan tilføra særeigne uttrykk i litterær behandling av tapserfaring og minne. Ein god diktar har autoritet i språkføringa, men også klokskap og variasjon i denne føringa, noko som opnar opp for lesarengasjementet. Anna Kleiva si dikting viser seg slik» Vidare skriv juryen at «Det er noko i Kleivas dikt som skapar ei sterk, kollektiv kraft ... Minnearbeidet hennar i kombinasjon med naturbruken, er sterk og frisk lesing.»

To diktamlingar

Anna Kleiva voks opp på Vinstra, men bur i Oslo. Ho har studert litteraturvitenskap og har gått på forfattarstudiet i Bø og ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Kleiva debuterte med diktsamlinga Ti liknande versjonar i 2011. Diktsamlinga Vårar seinare kom ut i fjor. Boka fekk Natt & Dags Oslopris for Årets bok 2014. Kleiva har også gjendikta Cæur de Lion av Ariana Reines.

I godt selskap

Av tidlegare stipendvinnarar finn vi fleire kjente namn, mellom anna Karl Ove Knausgård, som fekk stipendet i 1999. Carl Frode Tiller, Matias Faldbakken og Johan Harstad er også på lista. Det er lengre mellom kvinnene – berre fem kvinner har motteke stipendet dei 18 åra det har vore delt ut. Den siste var Ida Hegazi Høyer, som fekk det i fjor.