Over  nitti prosent av deltkarane har svara at dei vil tilrå rittet til andre.

Det fortel dagleg leiar Ole Petter Brendstuen, som er godt nøgd med gjennomføringa av rittet i helga.

– Overfor deltakarane fungerer det bra, men sjølve ser vi nokre småting vi kan gjera enda betre, seier han, og legg til at dei nok heller aldri kjem til å bli heilt nøgde …

Nære 500

Deltakinga auka litt frå i fjor, sjølv om dei ikkje nådde heilt 500, var det temmeleg nære, med 476 deltakarar. Så er det i følge Brendstuen heller ikkje eit mål å bli kjempestore, men å vera ein god leverandør av gode ritt, som seedingarrangør til både Birken og Grenserittet.

Av dei 117 som har levert elektronisk evaluering av rittet så langt, har også 63 gjeve fritekstmelding til arrangøren. (Eit felt i spørjeskjemaet ein kan skrive i om ein vil. Red.mrk.)

Eit utval av fritekstmeldingane syner at utøvarane er veldig nøgde. Det gjeld alt frå fyrstehjelp og løypearbeid, til oppdatering av nettsider, informasjon og organisering.

Solidt og bra frå trivelege folk

Trivelege, flinke og blide folk på arrangørsida blir også trekt fram. Heilproft, solid og knakande bra, er andre superlativ som dagleg leiar og dei mange frivillige kan ta med seg vidare. Brendstuen reknar med at dei får fleire evalueringar dei næraste dagane.Her er nokre av meldingane frå spørjeskjema:

– Det var knakende bra som vanlig.

– Også  bra førstehjelp, da jeg hadde behov for assistanse. Bra hjelp og veldig hyggelige folk

– Har  mest lyst på å krysse for meget bra på alt. Alt var helt supert(tommel opp)

– Stå  på videre!!

– Topp  ritt, god organisering.

– Furusjøen  Rundt-rittet var et flott og solid arrangement! Stor ros og takk til dere arrangører!

– Hyggelige  folk langs traseen, takk til langerne og andre funksjonærer.

– Kjempeflott  trasé!