Møtet, i regi av organisasjonane for beitenæringa i Oppland, fekk besøk av statssekretær Lars Andreas Lunde, etter beitenæringa ikkje fekk høve til å møte Sundtoft på Tretten, tidlegare i månaden.

Viktig forlik

Lunde understreka at det samrøystes forliket om rovviltforvaltninga frå Stortinget i 2011 er viktig, og må vera grunnlaget når ein diskuterer balansegangen mellom ønsket om levedyktige rovviltstammer og ei levedyktig utmarksnæring.

– Det er krevjane, ja omtrent omogleg, å få det til å gå saman, seier han.

Han understreka at departementet ville jobbe med ei tydelegare soneforvaltning, og at nye instruksar legg til rette for at det skal vera lettare å få fellingsløyve også ved skadepotensiale.

– For å redusera tapstal er det viktig å få til tydelegare soneforvaltning, seier Lunde, som i spørsmålsrunda vart bedd om ei klargjering av kva det betyr.

Ikkje nok handling

Statssekretæren peikte også på at departementets instruksar om stuttare saksbehandlingstid og lågare tal på avslag på søknader om skadefelling, men det var ikkje nok.

–Dette bør vera det siste dialogmøtet, meinte fleire.

Ole Tvete Muriteigen avslutta sitt innlegg frå dei tre ordførarane i Midtdalen med ein takk - til alle dei som held ut.

– Vi har slitne brukarar, slitne jegerar, landbrukskontor, dei som  sit i rovviltnemndene. Vi vonar dette er starten på noko nytt, for dette er ei av dei mest alvorlege utfordringane vi har, meldte han.

Nå krev ei utslite næring handling.

– Det må bli slutt på dialogane, alle er utslitne, her sit til og med jordbrukssjefar og brukar halve arbeidsåret til rovdyrproblematikk, det kan ikkje vera slik, meinte Marthe Dypdalen.

Anette Jørstad frå Bonde- og småbrukarlaget undra på kva ein skulle kalle møtet.

– Det største trugsmålet mot næringa er slitasje, og det gjeld heile næringa i alle ledd, seier ho.

Her er noko av det næringa kravde på Sør-Fron torsdag:

Hjelpemiddel til effektiv lisensjakt på jerv, også i verneområde, t.d. scoterløyve.

Moglegheit for lisensuttak av jerv i reinsjakta.

Løyve til bruk av laus på drevet halsande hund til skadefelling.

Krav om meir makt til rovviltnemndene utan overstyring av Miljødirektoratet.

Automatikk i fellingsløyve på ulv og bjørn innanfor beiteprioritert område.

Tidlegsankingstilskot før skade, i utsette beiteområde

Betre godtgjering til kommunale jaktlag

Betre dialog mellom forvaltningsmyndigheit og lisensfellingstiltak; t.d. båsjakt.

Byrdefordeling av ynglingar innanfor jervesone.

Marthe Dypdalen frå Nord-Fron var ei av dei som reiste seg og var uroa for slitasja på ei heil næring.