Palmerhagen og festområdet utanfor kommunehuset på Vinstra var fylt opp av feststemte midtdøler laurdag kveld. Og da Morten Abel entra scenen i sin raude dress var festen komplett.

Kjekt å bo på Vinstra

Med nye låtar som «Frøken Vilikke», «Voldsomt uver» og «Annabelle» rista ein Abel i storslag og eit gnistrande godt band dølane opp frå bord og benker, og fram til scenekanten. Mellom Abels gamle hitar på settlista denne kvelden var «Tulipz» og «Hard to stay awake». Men det var ikkje akkurat «Hard to stay awake» på Vinstra denne kvelden.

Folket var i festhumør, og på Abels spørsmål i overskriften: «E det kjekt å bo på Vinstra?», var svaret frå publikum eit rungande «Ja!».