I rapporten til Vegdirektoratet etter brukollapsen på Sjoa 17. februar, tek etaten eit oppgjer med kontrollregimet og mengda med dokumentasjon som blir produsert.

Gjennomgang av kontrollsystem

I rapporten som låg føre den 10. mars, heiter det at materialet som vart godkjent som kontrollunderlag hjå Vegdirektoratet, ikkje er praktisk kontrollerbart. Direktør for trafikksikkerheit, miljø- og teknologiavdelinga i Vegdirektoratet, Marit Brandtsegg, kallar dokumentmengda på 1.236 sider uhandterleg.

Til Byggeindustrien seier Brandtsegg at etaten, saman med relevante bransjeaktører, ønskjer å ta ein kritisk gjennomgang av mål og hensikt med dokumentasjonen.

̶  Så store mengder blir uhandterbart og det er difor vi nå ønskjer ein dialog med bransjeaktørar og utdanningsinstitusjonar. Målet må være at vi landar på ei dokumentasjonsmengde og samandrag som er kontrollerbart, sier hun.

Systemsvikt

Rapporten stadfester at den direkte årsaken til brukollapsen er ein mangelfull skjøt i fagverket. Ein feil i prosjekteringsunderlaget har ført til underdimensjonering av skjøten i undergurten i knutepunkt 5. Feilen vart ikkje oppdaga under sidemannskontrollen hjå prosjekterande og heller ikkje under Vegdirektoratets uavhengige kontroll. Det alvorlige er at feilen ikkje vart avdekt i noko ledd av kontrollkjeda, og her erkjenner Vegdirektoratet at dei ikkje har gjort ein god nok jobb. Hendinga avdekkjer altså ein systemsvikt knytt til kontroll av bruprosjekteringa, konkluderer rapporten.  Les heile her.