Ringebu kommune går nye vegar i bolystprosjektet sitt. Siste påfunn er eit stunt som dei siste dagane har vekt atskillig merksemd i ulike medium og ikkje minst i sosiale medium. Gjennom ein eigen promovideo og eit gjennomarbeidd prospekt, skal Villa Marienhø bergast for ettertida.

Dokterbustad og fødestove

Eit raskt blikk på objektet bekreftar påstanden i prospektet: Her er det stort utviklingspotensiale. For Villa Marienhø er eit skikkeleg oppussingsobjekt.

– Ja, men kå’n fe kjøpt i dag for 30 000 krono da? ler teknisk sjef i Ringebu kommune, Jostein Gårderløkken.

Saman med landsbyutviklar i kommunen, Birgitte Bay, er han på befaring på eigedommen som tronar over Vålebru sentrum. Dei fleste kjenner det som den gamle dokterbustaden i Ringebu. Det var landsbylegen Dr. Bernhard Matheson som i 1902 fekk arkitektteikna bygget som han kalla opp att etter sin store kjærleik Marie von Seth. Bygget var også brukt som fødestove fram til sekstitalet, og ikkje reint få midtdølar har sett dagens ljos i «jaktslottet» på pynten. Originalbygningen brann ned, men eit nytt bygg reiste seg og dagens bygning var i bruk som legesenter heilt til Ringebu helsesenter i Fåvang stod klart til bruk fyrst på 2000-talet.

Må ha eit konsept

Det er altså eit bygg med lang historie, og sjel.

– Den som vil kjøpe dette må vise til meir enn at dei har ein sparekonto med 30 000 kroner på, seier Birgitte Bay. – Ein får ikkje kjøpt det utan at ein kan vise til eit skikkeleg konsept, og at det kan gjennomførast innan 2018, legg Bay til.

For kommunen godtek ikkje ein kjøpar som berre jamnar Villa Marienhø med jorda for å gjenreise dusinvareleilegheiter.

– Ein av Ringebu sine forsar er at vi ikkje er klin lik alle andre. Det skal også gjelde for dette prosjektet, seier Gårderløkken, og peikar på kommunen sin bustadpolitiske handlingsplan, der fokus mellom anna er å bevare og forsterke landsbyens karakteristiske særpreg med gamle trehus.

Eit stunt

Det er sett krav om at det skal vera romslege leilegheiter, minimum toroms, med utsikt utover Gudbrandsdalen. I tillegg blir mellom anna arkitekturen vedlagt, der særeigenheiter frå fasaden til originalbygget i størst mogleg grad skal gjenskapast.

– Vi hadde eigentleg tenkt å rive det, men nå gjer vi eit siste forsøk på å bevare dette bygget, seier Gårderløkken.

– Eit stunt?

– Ja, dette er eit stunt, men vi har fått svært mange positive attendemeldingar i løpet av helga på stuntet, og folk syns kommunen framstår kreative. Det skapar positiv blest, smier Bay.

Nå utfordrar kommunen potensielle utbyggarar til å tenkjer kreativt.

– Målet er å få Villa Marienhø attende til fordums prakt, avsluttar Gårderløkken og Bay.

Den opphavelege Villa Marienhø. Nå håper kommunen å få villaen attende til fordums prakt.