Innstillinga frå rådmannen var å vente med støtte til hoppanlegget til dei mindre hoppbakkane skulle realiserast i byggesteg to. Både Nord-Fron og Sør-Fron kommune hadde allereie innvilga søknad frå Gåla idrettsanlegg til etableing av K70-bakken i Jordalen, fordi dette må på plass før NM er tildelt anlegget i 2019.

I desember i fjor, knytt til budsjettbehandlinga, la Nord-Fron inn støtte på 400 000 kroner til bygging av anlegget i Jordalen. Premissane var at kommunane Sør-Fron og Ringebu også gjekk inn for å gje økonomisk støtte.

Førre tysdag, 20. februar, følgde Sør-Fron kommune etter. Da gjorde kommunestyret vedtak om å gje eit tilskot til Gålå idrettsanlegg AS på 400 000 kroner til bygging av hoppanlegg. I likheit med Nord-Fron, set også dei som ei forutsetning at nabokommunene også gjev sitt bidrag.

- Viktig med variert tilbod

Ole Asmund Sylte (uavh) kom med forslag til formannskapet, etter ein diskusjon i plenum torsdag.

– Eg har lyst til å foreslå at vi støttar, for vi har ikkje dette tilbodet til ungdommane våre. Det er rett nok ikkje her i kommunen, men vi er positive til rekrutteringsanlegg, seier Sylte.

– Føresetnaden frå dei andre kommunane er jo at vi og bidreg. Var enig i innstillinga før eg kom i dag, utan å ha diskutert med andre enn meg sjøl. Nå tenkjer eg vi kan gje det bidraget nå, og sjå i samanheng den store bakken og rekrutteringsanlegget som skal koma seinare, seier Brede Holdbrekken (Ap).

– K70 må jo på plass for at vidare utbygging skal skje, kanskje er da det viktigaste å støtte nå. Sjøl om anlegget ikkje ligg i Ringebu, er det likevel dette våre hoppere skal bruke. Sjøl om vi ikkje har mange aktive, er det viktig med eit variert tilbod til ungdommane, seier Laila Bårdsløkken (Ap)

– Det har konsekvensar om vi seier nei, så om vi fyrst skal vera med bør vi vera med på det dei har søkt om nå, meiner Erik Odlo (Sp)

Turid Elise Kaus heldt fram at dette anlegget er eit godt eksempel på idrettsanlegg ein kan samarbeide om i regionen.

– Når vi har ein felles plan det kan bli positivt for hoppsporten. Etterkvart som vi diskuterer syns eg at det er greit vi endrar på det, seier ho.

- Veldig glad

Styreleiar i Gåla idrettsanlegg AS, Ole Tvete Muruteigen, er på ferie, men kjem med kommentar til vedtaket på SMS til Dølen:

- Nå vart eg veldig glad - på vegne av mange!

Muriteigen skriv vidare:

- Sjølv om det ikkje er så mange hopparar i frå Ringebu nå, kjem det som ei kanonkule når anlegget kjem opp. Ringebu har solide tradisjonar innan hopp.

Nå startar fyrste episode i Jordalen.

- Det fyrste vi skal i gang med nå, er avskoging. Så startar vidare anleggsarbeid, seier Muriteigen.

Slik er hoppanlegget i Jordalen tenkt. Her er planen å arrangere hovudlandsrenn i 2019.