Det står framleis att ein del arbeid før drivarane kan opne Ysteriet 19. november. Men det nærmar seg.

– Vi håper dette kan bli ein samlingsstad for folk i alle aldrar. Særleg når vi opnar restaurantdelen også, seier Jon Terje Bjørke til Dølen.

For dei nøyer seg ikkje med pøbb. På forsommaren er planen å opne restaurant i dei same lokalane på gamle Vinstra Ysteri.

– Der vil vi prøve å ha stuttreist, lokal mat, og med det tilby noko anna enn det tilbodet som allereie finst på Vinstra, seier Bjørke.

Restauranten er det kokk Stian Brubak, opphaveleg frå Vinstra, nå busett på Sør-Fron, som skal styre.

Nytt selskap

Det heile begynte med ein kommentar på Facebook om mangel på ein stad å sjå fotball på Vinstra.

– Vi tenkte at «det må jo gå an å gjere noko med det», smiler Jon Terje Bjørke.

Som sagt, så gjort. Selskapet LIMME as vart stifta i august i år med Bjørke som administrerande direktør og Magne Andre Nedrebø som styreleiar. I styret sit også Anette Brubak og Hanne Cathrine Bjørke.

Dei gamle flislagte veggane på ysteriet er isolert, kledd og måla. Bardisken er på plass, og snart blir det strøm og toalett.

– Kor mykje har de kosta på her? Tidlegare i haust opplyste de til Dølen at de hadde eit budsjett på 800 000 kroner?

– Ja, det var det tidlegare i haust, ler Bjørke. – Vi har nok ein liten sprekk der, men mesteparten av grunnen til det, er at vi har kjøpt inn utstyr til restaurantkjøkenet nå, i staden for å vente, forklarar Bjørke.

Han rosar dei mange som har bidratt på dugnadsbasis for å få staden opp og stå. Om lag 25 personar har på det meste stått på.

Den planlagde restauranten på Ysteriet har fått 70 000 i støtte av Nord-Fron kommune sitt næringsfond, mens pøbben har fått 65 000 i støtte frå same fond.

Utfordrande omgivnader

Ysteriet blir liggande midt mellom Laugen og toglina, noko som mellom anna har vore påpeikt av politiet i Gudbrandsdalen på grunn av tryggleik.

– Tek de forholdsreglar med tanke på tryggleiken her?

– Det er sjølvsagt noko vi må ta omsyn til. Vi kan ikkje gardere oss hundre prosent mot at ting kan skje, men vi kan legge til rette for å unngå hendingar. Mellom anna har vi ein god dialog med drosjenæringa i forhold til transport, og vi kjem til å ha «venterom» opent slik at ein unngår at folk står ute og frys, mellom anna, seier Bjørke.

Og omgivnadene har også sine pluss-sider.

– Eg trur ikkje det er mange som matcher uteplassen vår til sommaren, seier Bjørke og viser til plassen mellom Ysteriet og Laugen.

Per i dag er det berre Kolonialen som driv på fast basis på Vinstra, i tillegg til spisestadene Mos restaurant og Restaurant Milano.

– Er det marknad for ein utestad til på Vinstra?

– Ja, vi meiner det. Dette blir noko anna enn det som finst frå før, både når det gjeld mat og tilbod elles. Vi viser det som er verdt å vise av fotballkampar, men her er det også mogleg å sitte utan å sjå sport. Her skal det også vera mogleg å berre gå ut å kose seg å ta eit par pils saman med gode vener eller med naboen, seier Bjørke.

Ikkje til å bli rik av

I utgangspunktet har drivarane lagt inn ein omsetnad på om lag 3 millionar kroner for å få drifta til å gå rundt. Til samanlikning hadde Milano på Vinstra ein omsetnad på 6,5 millionar kroner i 2015, mens Kolonialen hadde driftsinntekter på 4,7 millionar kroner i fjor.

– Dette er ikkje noko å tene seg rik på dette her, men håpet er at vi skal få til noko for folk på Vinstra, avsluttar Bjørke.

Les historia om det gamle Ysteriet på Vinstra i papirutgåva av Dølen torsdag 17. november.

Slik såg det ut da Dølen besøkte Ysteriet 17. september. Da var dugnadsgjengen godt i gang med riving og oppussing. Foto: Bjørn Sletten